Korleis personopplysningane dine blir behandla når du bruker chatbot eller talerobot
Denne sida beskriv korleis personopplysningane dine blir behandla når du bruker Statens vegvesen sin chatbot eller talerobot.
Chatboten og taleroboten byggjer på den same teknologien. Når du snakkar til taleroboten, blir det du seier gjort om til tekst, utan at det blir gjort opptak av samtalen. Denne teksten blir deretter brukt til å generere eit svar på lik linje med teksten som kjem inn via chatboten. Chatboten og taleroboten blir levert av Kindly AS, som opptrer som databehandlar.
Sjå Statens vegvesen si generelle personvernerklæring for informasjon om rettane dine og kontaktinformasjon til personvernombudet.
Føremål
Føremålet med chatboten og taleroboten er å gi rettleiing om førarkort og køyretøyregistrering.
Kva personopplysningar blir behandla?
Chatboten og taleroboten kan brukast anonymt og behandlar berre dei personopplysningane du aktivt vel å dele. Det er ikkje nødvendig å dele personopplysningar med chatboten og taleroboten.
Dersom du ber om å chatte med eit menneske når du er logga inn på Di side blir fødsels- og personnummer synleg for agenten som handterer førespurnaden. Fødsels- og personnummer blir fjerna frå loggane innan éin time.
Sletting
Du kan slette opplysningar frå chatboten eller taleroboten ved å trykkje på «slett chatloggen» eller ved å seie «slett samtale.»
Personopplysningar blir fjerna automatisk frå loggane innan éin time. Andre opplysningar blir sletta etter 90 dagar.
Behandlingsgrunnlag
Chat og taleroboten behandlar personopplysningar for å oppfylle den forvaltningsrettslege rettleiingsplikta. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav c og forvaltningslova § 11.
Analyse
Anonymiserte opplysningar frå chatboten og taleroboten blir brukte til å forbetre og vidareutvikle chatboten og taleroboten.