Her kan du lese korleis Statens vegvesen behandlar personopplysningar, og kva for rettar du som er registrert, har.

Statens vegvesen, ved vegdirektøren, er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar som skjer i etaten vår. Oppgåva med å følgje opp dette til dagleg er delegert i samsvar med interne retningslinjer.

Kvifor behandlar vi personopplysningane dine?

Statens vegvesen behandlar dei personopplysningane vi treng for å vareta ansvaret vårt for veg og vegtrafikk i Noreg. Statens vegvesen behandlar personopplysningar for å utføre oppgåver som å planleggje, byggje, halde ved like og drifte offentlege vegar, krevje inn bompengar og overvake trafikken for å sørgje for god trafikktryggleik og framkome på vegane, godkjenne og registrere køyretøy, utferde førarkort, utferde transportløyve og andre løyve, kontrollere og føre tilsyn med regelverket vårt.

Statens vegvesen behandlar også personopplysningar frå avslutta, relevante saker frå dei alminnelege domstolane. Føremålet med dette er å etablere eit presedensarkiv og sikre likebehandling i praksis.

Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar

Statens vegvesen si behandling av personopplysningar er først og fremst heimla i lover med tilhøyrande forskrifter. Dette er hovudsakleg veglova, vegtrafikklova, yrkestransportlova, ITS-lova, lov om utprøving av selvkjørende kjøretøy, forureiningslova og personopplysningslova.

Statens vegvesen behandlar også personopplysningar som følgje av plikter i arbeidsmiljølova, anskaffingslova og allmenngjeringslova – alle med tilhøyrande forskrifter. Vidare behandlar Statens vegvesen personopplysningar som følgje av reglane i forvaltningslova, arkivlova, offentleglova, bokføringslova m.m.

Statens vegvesen kan også behandle personopplysningar med grunnlag i rettkomen interesse når det gjeld vegrelaterte rettsavgjerder der Statens vegvesen gjennom staten ved Samferdselsdepartementet er part, eller det er relevant for Statens vegvesen.

Kva for personopplysningar behandlar vi?

Kva type personopplysningar Statens vegvesen behandlar, avheng av oppgåvene vi skal løyse.

Statens vegvesen behandlar blant anna

  • identifikasjonsinformasjon som til dømes personnummer, namn, kjennemerke på køyretøy, understellsnummer, gards- og bruksnummer
  • kontaktopplysningar som til dømes adresse, e-postadresse, telefonnummer
  • kompetanse i samband med godkjenning av trafikklærarar og yrkessjåførar
  • helseopplysningar i samband med førarrettar, bompengar, ulykkesarbeid, HC-parkering
  • straff og administrative sanksjonar i samband med søknader om løyve, ved tilsyn og kontroll, kontraktsinngåing og -oppfølging
  • bilete og video til dømes i samband med utferding av førarkort, kjennemerkeattkjenningssystemet (ANPR) og innkrevjing av bompengar
  • personopplysningar som framgår i rettsavgjerder der Statens vegvesen gjennom staten ved Samferdselsdepartementet er part, eller andre vegrelaterte rettsavgjerder der andre vegmyndigheiter er part, men som har relevans for Statens vegvesen. Det kan unntaksvis vere særlege kategoriar personopplysningar

Kameraovervaking av trafikken er hovudsakleg innretta slik at personopplysningar ikkje skal fangast opp. Dette gjeld også ved bruk av dashbordkamera ved tilstandsundersøkingar av vegen og ved kontroll av trafikkskilting, signalanlegg og vegoppmerking.

Korleis behandlar vi personopplysningane dine?

Statens vegvesen må følgje personopplysningslova, forvaltningslova, arkivlova og offentleglova slik at personopplysningane dine blir behandla på ein forsvarleg, korrekt og sikker måte.

Statens vegvesen har fleire elektroniske register og system som inneheld personopplysningar. Nokre døme på dette:

  • Kunderegisteret inneheld informasjon om alle brukarane våre. Offisielle data om ein brukar blir henta og oppdaterte dagleg frå Det sentrale folkeregisteret og Einingsregisteret.
  • MIME360 er saksbehandlings- og arkivsystemet til Statens vegvesen. Systemet skal sikre forsvarleg saksbehandling i etaten i samsvar med regelverket.
  • Køyretøyregisteret er eit nasjonalt register over køyretøyparken. I tillegg er det eit fagsystem for behandling av søknader om godkjenning av køyretøy. Systemet har også ei elektronisk løysing for registrering av køyretøy via køyretøyforhandlarar.
  • Førarkortregisteret er eit nasjonalt register over førarrettar og andre kompetansebevis knytte til føring av køyretøy.
  • Bompengesystema blir brukte til automatisk identifisering av køyretøy som passerer bomstasjonen, fastsetjing av pris, rabatt og betalingsfritak for den enkelte passering og innkrevjing av bompengar.
  • Vegtrafikksentralane sine system består av eit system for loggføring av hendingar på vegen, kamera langs veg og i tunnelar for overvaking av trafikken og eit telefonisystem for å ta imot meldingar om hendingar på vegen.
  • Ulykkesanalysesystema analyserer informasjon om vegtrafikkulykker for å redusere talet på drepne og hardt skadde i trafikken.
  • Grunnervervssystemet lagrar opplysningar om erverv av eigedom til vegbygging.
  • E-reg er eit system for mottak og behandling av tips og informasjon om samfunnsskadeleg og kriminell aktivitet innanfor Statens vegvesen sitt ansvarsområde, særleg på trafikant- og køyretøyområdet og ved oppfølging av kontraktar der Statens vegvesen er vegmyndigheit og byggherre. Du finn meir informasjon om behandling av personopplysningar i E-reg på sida om Krimtips.

Kvar hentar vi personopplysningane dine frå?

Statens vegvesen hentar inn personopplysningar frå deg i samband med søknader og andre førespurnader. Statens vegvesen hentar også inn personopplysningar frå mange andre kjelder. Døme er andre offentlege etatar, som Skatteetaten, Arbeidstilsynet, politiet, NAV og tolletaten.

Vidare hentar Statens vegvesen inn personopplysningar frå entreprenørar og konsulentar som Statens vegvesen har avtalar med, frå private som har tipsa oss om ulovlege forhold, frå hendingar på vegen eller liknande og frå offentlege tilgjengelege kjelder (til dømes nettsider, sosiale medium og observasjonar). Vidare kan Statens vegvesen hente inn personopplysningar frå utanlandske myndigheiter etter internasjonalt regelverk eller avtale.

Statens vegvesen kan også hente inn personopplysningar frå offentleg tilgjengelege rettsavgjerder.

Kven får personopplysningane dine?

Statens vegvesen kan utlevere personopplysningar der det er rettsleg grunnlag for det. 

Dette omfattar blant anna utlevering til

  • databehandlarar og felles behandlingsansvarlege
  • andre offentlege etatar (som politiet, nødetatane, NAV, Skatteetaten, Havarikommisjonen og SSB)
  • andre vegeigarar som fylkeskommunane og Nye veier
  • utanlandske myndigheiter etter internasjonalt regelverk eller avtale og der det er grunnlag for utlevering etter offentleglova og forvaltningslova m.m.

Statens vegvesen offentleggjer også personopplysningar, til dømes i løyveregisteret.

Statens vegvesen kan også dele personopplysningar for å førebyggje, avdekkje eller sanksjonere straffbare forhold på myndigheitsområda sine samt arbeidslivskriminalitet.

I slike tilfelle kan opplysningane bli delte med

  • andre offentlege myndigheiter i samarbeidsforum
  • offentlege oppdragsgivarar

Kor lenge lagrar vi personopplysningane dine?

Statens vegvesen behandlar personopplysningane dine så lenge det er nødvendig. Kor lenge dette er, varierer med kva slags behandling det gjeld. Samtidig har Statens vegvesen arkivplikt etter arkivlova. Statens vegvesen må derfor som regel oppbevare opplysningane også etter at saksbehandlinga er avslutta.

Dette er rettane dine

Du har fleire rettar når du er registrert hos Statens vegvesen. Dette kan innebere rett til innsyn, retting av feil, rett til sletting, rett til å krevje avgrensa behandling, rett til å protestere, rett til dataportabilitet, rett til å trekkje tilbake samtykke og rett til å klage.

Du kan få meir informasjon om rettane dine, irekna moglegheita for å klage, hos Datatilsynet.

Det er nokre unntak frå desse rettane. Det er til dømes unntak frå retten til informasjon og innsyn når det er nødvendig av omsyn til avdekking av brot på regelverket vi forvaltar, og når opplysningane med heimel i lov er underlagde teieplikt. Det er også unntak frå retten til retting, sletting og avgrensing av behandling. Det gjeld når Statens vegvesen er pålagt etter lov å oppbevare personopplysningane, til dømes i samsvar med arkivlova.

Spesielt om profilering og automatiserte avgjerder

Nokre av Statens vegvesen sine behandlingar er heilautomatiserte. Det gjeld til dømes fleire sjølvbeteningsløysingar som innlevering av salsmelding og omregistrering i samband med eigarskifte av køyretøy, samt bompengeinnkrevjing. Du kan alltid be om å få automatiserte avgjerder overprøvd av ein saksbehandlar. Du kan også kontakte Statens vegvesen for å gi oss synspunkt dine på avgjerda eller for å motseie avgjerda.

Personvern