Send bestilling til oss om verkstaden din treng nytt merke for «Godkjend verkstad».

Treng verkstaden din nytt skilt for «Godkjend verkstad», kan du sende bestilling per post til Statens vegvesen.

Skriv kva type/kategori verkstaden si godkjenning gjeld for, til dømes Bilverkstad 01, Bilskadeverkstad, Traktorverkstad.

Les meir om godkjenning av verkstader

Vi understrekar at det ikkje er tillate å bruke Godkjend verkstad-merket eller Statens vegvesen sin logo på reklame­materiell, til dømes brevark, konvoluttar, stempel, klede, køyretøy, trykte annonsar og andre former for firmaprofilering.

Omtale av verkstaden si godkjenning frå Statens vegvesen i tekst på nettsider er tillate.

Visuell profil og logo