Finn post- og besøksadresser og elektronisk fakturaadresse til Vegdirektoratet og dei seks divisjonane i Statens vegvesen.

All post og søknader på papir skal sendast til Statens vegvesen sitt felles postmottak. Helseattestar på papir skal sendast til den lokale trafikkstasjonen din. 

Postadresse

Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

E-postadresse

Besøksadresser

Du kan bruke organisasjonskartet for å finne besøksadresser til Statens vegvesen sine kontorstadar.

Faktura til Statens vegvesen

Statens vegvesen tar berre imot elektronisk faktura frå leverandørane sine. Vi tar ikkje imot faktura på e-post.

Den elektroniske fakturaadressa vår er: 971032081

Som leverandør til Statens vegvesen må du hugse på dette:

  • Innhald og referansar på fakturaen må oppfylle dei krava som går fram av kontrakten. Det kan for eksempel bety at fakturaen må inkludere namnet på bestillaren, bestillingsnummeret og kontraktsnummeret.
  • Du må sende inn alle vedlegg til fakturaen saman med fakturaen. Då kan vi raskare godkjenne og betale fakturaen.
  • Alle opplysningane på fakturaen må stemme med det som er oppgitt i kontrakten. Vi sender fakturaar med feil eller manglar i retur og betaler dei først når vi får ein ny faktura som stemmer med kontrakten.

Særskilte krav til datainnhald

Vi har følgjande krav til innhaldet i følgjande dataelement:

  • Dykkar referanse «BuyerReference»
    Dataelementet skal innehalde seksbokstavs brukarid på fakturamottakar.
  • Bestillingsnummer «OrderReference/ID»
    Dataelementet skal innehalde bestillingsnummer dersom fakturaen har opphav i ei elektronisk bestilling.
  • Kontraktsnummer «ContractDocumentReference/ID»
    Dataelementet skal innehalde kontraktsnummer som bestillaren skal oppgi.
  • Fakturareferanse på kreditnota «BillingReference/InvoiceDocumentReference/ID»
    Dataelementet skal innehalde fakturanummeret til den fakturaen som skal krediterast.
  • Vedlegg «AdditionalDocumentReference/Attachment/EmbeddedDocumentBinar»
    Vedlegg skal vere av typen PDF. Vedlegget skal vere innbakt i XML-dokumentet.

Slik kjem du i gang

Fakturaproduksjon

Finn ut om fakturasystemet ditt kan produsere faktura på EHF. Dersom ikkje må du lage ei tilpassing, avtale konvertering til EHF hos aksesspunktet eller bruke ein fakturaportal.

Avtale om formidling av faktura

Som fakturautferdar må du inngå avtale med ein aksesspunkt-leverandør.

Levere faktura

Når du har inngått avtale med ein aksesspunktleverandør, kan du levere elektronisk faktura via eit aksesspunkt.

Andre alternativ

Dersom de ikkje har høve til å produsere faktura i dykkar eige rekneskapssystem, eller ikkje har høve til å kople dykk til eit aksesspunkt, kan de bruke nettbasert fakturaportal. Dette er ei løysning der de kan registrere faktura og få han send på rett måte.

Fakturaadresse

Statens vegvesen
Fakturamottak DFØ
Postboks 4710 Torgarden
7468 Trondheim