Har du fått ein SMS eller e-post frå Statens vegvesen som du ikkje venta? Ta deg god tid, og sjekk meldinga nøye før du gjer noko.

For tida blir det sendt ut ei rekkje ulike svindel-variantar inkludert innkalling til køyretøykontroll, køyretøyforbod, køyretøyavgift, fartsbot, brot på trafikkreglar og dessutan beskjed om å verifisere personlege og/eller køyretøyopplysningar. I tillegg er det fleire svindel-variantar med Autopass som sender.

Gå alltid inn via vegvesen.no eller autopass.no

Det beste vernet mot svindel er at du sjølv går til vegvesen.no eller autopass.no. Då veit du at det er den ekte nettsida du kjem til.

Slik beskyttar du deg

  • Slett SMS og e-post du mistenkjer er svindel, utan å opne dei.
  • Gå alltid til vegvesen.no eller autopass.no ved å skrive det inn på adresselinja øvst i nettlesaren.
  • Har du vorte svindla? Meld det til politiet så fort som mogleg. Gi også gjerne beskjed til oss på slik at vi kan gjere vårt for å stoppe svindlaren.
  • Har du delt kredittkortnummer, BankID eller kontonummer med nokon og mistenkjer at det var svindel? Kontakt banken din med ein gong. Du kan også sperre kortet ditt i nett- eller mobilbanken din. 

Døme på falske e-postar

Dette er nokre falske e-postar som er sende ut i 2025. Svindlarane endrar avsendaradresse svært ofte, men mange av dei falske AutoPASS-e-postane som dei sender no, blir sende via surveymonkeyuser.com.

Ein falsk e-post: Varsel om ubetalt trafikkgebyr. Hei, dette er en formell henvendelse fra Statens vegvesen angående en ubetalt sak registrert på ditt navn eller ditt kjøretøy.
Ein falsk e-post der du får beskjed om at du må betale ei fartsbot på 1250 kroner. Ved å klikke på «Logg inn og betal no» blir du ført til ei falsk nettside som gir seg ut for å vere Statens vegvesen. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e-post med teksten: Ny forskrift krever oppdatering av din avtale. Tidsfrist 22. mai 2026. Tiltak kreves for å opprettholde aktiv tjeneste
Ein falsk e-post der du får beskjed om at avtalen din med AutoPASS må oppdaterast via ei lenkje som leier deg til ei falsk nettside. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e‑post med teksten: Kjære kunde. Vi vil informere deg om en viktig oppdatering som trer i kraft i 2025. Denne endringen er nødvendig for å opprettholde gyldigheten av dine førerkort- og kjøretillatelseregistreringer.
Ein falsk e-post der du får beskjed om å logge inn på sidene våre og fullføre oppdateringar ved å klikke på lenkja i e-posten. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e-post med teksten Viktig melding vedrørende din avtale. Obligatorisk validering av profil. 23. april 2026
Ein falsk e-post med overskrifta «Viktig melding vedkomande avtalen din», der du blir beden om å trykkje på ei lenkje for å stadfeste betalingsmetoden. Lenka fører til ei falsk AutoPASS-nettside. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e-post med overskrifta "Dette er en påminnelse om at førerkortet ditt må fornyes". E-posten inneheld falske lenkjer.
Ein falsk e-post med overskrifta "Påminning: forny førarkortet ditt". E-posten inneheld falske lenkjer. Illustrasjon: Statens vegvesen

Døme på falske SMS

Dette er døme på nokre av dei falske sms-ane som er sende ut:

Ein falsk sms med teksten: I samsvar med trafikkloven informerer denne meldingen deg formelt om at ditt registrerte motorkjøretøy har fått utstedt en bot for en trafikkforseelse.
Ny svindelvariant på SMS om at du har fått ei trafikkbot, sendt frå eit utanlandsk nummer som startar på +63 (Filippinane) eller +212 (Marokko eller Vest-Sahara). SMS-en inneheld ei lenkje til ei falsk nettside der svindlarane ber deg oppgje personnummer og kortinformasjon. Illustrasjon: Statens vegvesen
En falsk SMS med teksten: Kjøretøyet ditt har en bot. For å unngå at kjøretøyet blir tauet bort, vennligst besøk vegvesen.lat/en
Ny svindelvariant på SMS som blir sendt frå utanlandsk nummer. SMS-en opplyser at du har fått ei bot, og inneheld ei lenkje til ei falsk vegvesen-nettside der svindlarane ber deg om å oppgi registreringsnummeret ditt og deretter kortinformasjon. Illustrasjon: Statens vegvesen
Falsk sms med teksten: Autono Varsel: Din kjøretøyavtale trenger en bekreftelse for det nye året.
Ny svindel på SMS som blir frå send sender «AUTONO» kvar du blir bede om å oppdatere køyretøyavtalen din. Inneheld lenkje til ei falsk nettside der svindlarane ber deg om å oppgi personnummer og kortinformasjon. Illustrasjon: Statens vegvesen

Slik avslører du forsøk på svindel

Får du ei melding du ikkje ventar, skal du alltid vere forsiktig:

Ein e-post som ser ut til å vere send frå ei adresse som sluttar på vegvesen.no, kan vere svindel, og ein falsk SMS kan liggje saman med andre meldingar frå ein kjend avsendar. Får du e-post frå Vegvesenet eller Autopass som er sendt frå ei ei avsendaradresse som sluttar på noko anna enn vegvesen.no, er det alltid svindel.

Ikkje opne vedlegg eller trykk på lenker i SMS og e-post. Ei lenke kan føre til ei falsk nettside for å lokke frå deg passord eller andre opplysningar. 

Sjekk språket. Svindelforsøk er ofte prega av dårleg språk og ein truande tone. Ver ekstra skeptisk dersom avsendaren oppfordrar deg til å handle raskt eller understrekar at det er viktig at du gjer noko.

Sjå fleire tips: