Har du fått ein SMS eller e-post frå Statens vegvesen som du ikkje venta? Ta deg god tid, og sjekk meldinga nøye før du gjer noko.

For tida blir det sendt ut ei rekkje ulike svindel-variantar inkludert innkalling til køyretøykontroll, køyretøyforbod, køyretøyavgift, fartsbot, brot på trafikkreglar og dessutan beskjed om å verifisere personlege og/eller køyretøyopplysningar. I tillegg er det fleire svindel-variantar med Autopass som sender.

Gå alltid inn via vegvesen.no eller autopass.no

Det beste vernet mot svindel er at du sjølv går til vegvesen.no eller autopass.no. Då veit du at det er den ekte nettsida du kjem til.

Slik beskyttar du deg

  • Slett SMS og e-post du mistenkjer er svindel, utan å opne dei.
  • Gå alltid til vegvesen.no eller autopass.no ved å skrive det inn på adresselinja øvst i nettlesaren.
  • Har du vorte svindla? Meld det til politiet så fort som mogleg. Gi også gjerne beskjed til oss på slik at vi kan gjere vårt for å stoppe svindlaren.
  • Har du delt kredittkortnummer, BankID eller kontonummer med nokon og mistenkjer at det var svindel? Kontakt banken din med ein gong. Du kan også sperre kortet ditt i nett- eller mobilbanken din. 

Døme på falske e-postar

Dette er nokre falske e-postar som er sende ut i 2025. Svindlarane endrar avsendaradresse svært ofte, men mange av dei falske AutoPASS-e-postane som dei sender no, blir sende via surveymonkeyuser.com.

Ein falsk e-post med teksten: Handling nødvendig - Oppdatering av kjøretøyinformasjon. Vi ønsker å informere deg om at det er registrert behov for oppdatering knyttet til ditt kjøretøy.
Ein falsk e-post der du får beskjed om å gå til ’Dine sider’ og oppdatere køyretøyinformasjon. Lenkja fører til ei falsk Statens vegvesen-nettside. Registreringsnummeret som blir oppgitt er tilfeldig. Det er ingen som har fått e-post der dei rette registreringsnummera deira blir oppgitte i e-posten. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e-post med overskrifta: Påminnelse - Forny førerkortet ditt. Teksten er: Kjære fører. Vi minner deg om at gyldigheten på førerkortet ditt snart går ut.
Ein falsk e-post der du får beskjed om å oppdatere førarkortinformasjonen din. Lenkja ’Forny no’ fører til ei falsk Statens vegvesen-nettside. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e-post med teksten: Kjære kjøretøyeier. Det er snart tid for periodisk kjøretøykontroll for ditt registrerte kjøretøy. Vi ber deg førge for at kjøretøyet er klart for kontroll innen den oppgitte fristen.
Ein falsk e-post der du får beskjed om at det snart er tid for periodisk køyretøykontroll for det registrerte køyretøyet ditt, med ei lenkje til ei falsk Statens vegvesen-nettside. Registreringsnummeret som blir oppgitt er tilfeldig. Det er ingen som har fått e-post der dei rette registreringsnummera deira blir oppgitte i e-posten. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e-post med overskrifta "Dette er en påminnelse om at førerkortet ditt må fornyes". E-posten inneheld falske lenkjer.
Ein falsk e-post med overskrifta "Påminning: forny førarkortet ditt". E-posten inneheld falske lenkjer. Illustrasjon: Statens vegvesen
Ein falsk e-post med teksten:  Kjære kunde. Betalingskortet du har koblet til din AutoPass er ikke lenger gyldig og derfor har vi blokkert avtalen din. Hvis du fortsatt ønsker å behold fordelene dine hos AutoPass, må du oppdatere betalingskortinformasjonen din. E-posten inneheld også ei falsk lenkje
Ein falsk e-post om at betalingskortet ditt knytt til Autopass-avtalen din har gått ut. E-posten inneheld ei lenkje til ei falsk nettside der svindlarane ber deg om å oppgi personnummer og kortinfo. Illustrasjon: Statens vegvesen

Døme på falske SMS

Dette er døme på nokre av dei falske sms-ane som er sende ut:

Dette er ein falsk SMS som gir seg ut for å vere frå Autopass.  Ikkje opne lenkje eller kopiar lenkja til nettlesaren din. Teksten er: Vårt siste betalingsforsøk var mislykket. For å sikre tjenesten din fortsetter uten avbrudd, vennligst oppdater dine betalingsdetaljer.
Dette er ein falsk SMS som gir seg ut for å vere frå Autopass. Ikkje opne lenkje eller kopiar lenkja til nettlesaren din. Illustrasjon: Statens vegvesen
Falsk sms med teksten: Autono Norsk Fartsbot. Våre registre viser at fartsboten din fortsatt ikke er betalt. For å unngå ytterligere gebyrer, prikker på førerkortet eller midlertidig suspensjon, må betalingen fullføres innen 20. august 2025.
Ny svindel på SMS som blir send frå utanlandsk nummer som startar på +63 (Filippinane). Inneheld lenkje til ei falsk nettside der svindlarane ber deg om å oppgi personnummer og kortinformasjon. Illustrasjon: Statens vegvensen
Ny svindel-variant på SMS med teksten: Autopass minner deg om at du har ubetalte regninger, vennligst behandle de umiddelbart.
Ny svindel-variant på SMS som blir send frå utanlandsk nummer som startar på +27 (Sør-Afrika). SMS-en inneheld lenkje til ei falsk nettside der svindlarane ber deg om å oppgi personnummer og kortinformasjon. Illustrasjon: Statens vegvesen

Slik avslører du forsøk på svindel

Får du ei melding du ikkje ventar, skal du alltid vere forsiktig:

Ein e-post som ser ut til å vere send frå ei adresse som sluttar på vegvesen.no, kan vere svindel, og ein falsk SMS kan liggje saman med andre meldingar frå ein kjend avsendar. Får du e-post frå Vegvesenet eller Autopass som er sendt frå ei ei avsendaradresse som sluttar på noko anna enn vegvesen.no, er det alltid svindel.

Ikkje opne vedlegg eller trykk på lenker i SMS og e-post. Ei lenke kan føre til ei falsk nettside for å lokke frå deg passord eller andre opplysningar. 

Sjekk språket. Svindelforsøk er ofte prega av dårleg språk og ein truande tone. Ver ekstra skeptisk dersom avsendaren oppfordrar deg til å handle raskt eller understrekar at det er viktig at du gjer noko.

Sjå fleire tips: