Ring oss
Vi svarar på spørsmåla dine om førarkort, køyretøy, trafikk og andre ting du lurar på.
Telefonnummeret vårt er 22 07 30 00. Ver merksam på at det kan vere lang ventetid.
Opningstider
Du kan få svar på spørsmål på telefon innanfor følgjande tidsrom:
Førarkort | Måndag til fredag kl. 8.00 til kl. 15.00 |
Køyretøy – generelle spørsmål | Måndag til fredag kl. 8.00 til kl. 15.00 |
Køyretøy – tekniske spørsmål | Måndag til fredag kl. 8.00 til kl. 14.00 |
Andre førespurnader | Måndag til fredag kl. 8.00 til kl. 15.30 |
Gjer det sjølv
Sjå om det er noko du kan gjere sjølv med dei digitale tenestene våre.
Bestill time på trafikkstasjon
Alle ledige timer på trafikkstasjonen er i timebestillingstenesta, og det kjem fortløpande nye. Vi har dessverre ikkje oversikt over andre timer enn desse som ligg ute i bestillingstenesta.
Endre eller avbestill time på trafikkstasjon
Du kan endre og avbestille en time i timebestillingstenesta. For å avbestille eller endre ein time må du oppgi eit referansenummer. Referansenummeret får du når du bestiller timen.
Tastevala du får når du ringer oss
Ring 22 07 30 00.
Press 9 for information in English.
Tast 1 for spørsmål om køyretøy.
Tast deretter
- 1 for informasjon om registrering og eigarforhold på køyretøy
- 2 for timebestilling i kontrollhall
- 3 for tekniske spørsmål om køyretøy
- 4 for å bestille time i skranken ved ein trafikkstasjon
Tast 2 for spørsmål om førarkort.
Tast deretter
- 1 for å bestille time for førarprøve
- 2 for andre førespurnader om førarkort
- 3 for å bestille time i skranken ved ein trafikkstasjon
Tast 3 for trafikkmeldingar.
Tast 4 for førespurnader til sentralbordet.
Kontakt vegtrafikksentralane ved trafikkfarlege situasjonar
Ved trafikkfarlege situasjonar, som for eksempel overfløyming eller gjenstandar i vegen, skal du ringe vegtrafikksentralane på telefonnummer 175.
For information in English call +47 22 175 175.