Statens vegvesen sin visuelle profil
Her finn du Statens vegvesen sitt designprogram
Statens vegvesen har ei stor kontaktflate i verksemda si som veg- og trafikketat og er representert overalt i landet. Derfor må vi òg framstå einskapleg slik at vi blir gjenkjent.
Etaten sitt designprogram gir ei samla framstilling av dei elementa som skal brukast i visuell samanheng.
Designprogrammet er eit strategisk verktøy som skal:
- synleggjere og kommunisere verdiane våre
- uttrykkje kvalitet og kompetanse
- skape felles identitet og motivasjon
Eit designprogram kan ikkje gi rettleiing om all visuell kommunikasjon. Dette inneber at ein nokre gongar må finne løysingar som er tilpassa spesielle målgrupper og situasjonar.
Eit designprogram kan ikkje gi rettleiing om all visuell kommunikasjon. Dette inneber at ein nokre gongar må finne løysingar som er tilpassa spesielle målgrupper og situasjonar.
Designprogrammet omfattar mellom anna bruk av
- etatsmerke/logo
- typografi
- fargeprogram
- biletestil
- dekorelement
Last ned logo (etatsmerke), fargepalett og ikon
Du kan laste ned logoen vår (etatsmerket) i fleire format, fargepaletten frå profilhandboka vår i ASE-format og ikonbiblioteket i SVG- og PNG-format. Du finn filene under menyvalet Logo, fargepalett og ikon.
Visuell kommunikasjon i Statens vegvesen kan hjelpe med anna materiell.
Spørsmål om designhandboka/visuell profil?
Ta kontakt med