Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen ønskjer å leggja til rette for digitale og automatiserte løysingar på ferjesambandet Lavik – Oppedal.

Effektiv bruk av ny teknologi er eit av Statens vegvesen sine toppmål.

– Vi har tradisjon for å nytta vår rolle som innkjøpar til å akselerera utviklinga for å nå måla som er sette for transportsektoren, til dømes innføring av nye energiberarar. Vi inviterer difor bransjen til dialogkonferanse om digitalisering og automatisering av ferjedrifta, seier prosjektleiar Joachim Rønnevik på ferjeavdelinga i Statens vegvesen.

Konferansen finn stad på Oslo Kongressenter 29. september, og er retta mot rederi, leverandørar og andre med interesse for den norske ferjemarknaden. Påmeldingsfrist er 23. september.

ferje, E39, digitalisering, automatisering, Lavik - Oppedal, innovasjon, teknologi
MF Ampere og ei anna ferje på sambandet E39 Lavik-Oppedal. Foto: Norled

Lavik – Oppedal kan peika ut kursen

Statens vegvesen etterspør konkrete, aktuelle løysingar retta mot den neste store ferjeanskaffinga på riksvegsambanda, nemleg Lavik – Oppedal på E39 der dagens kontrakt går ut 31. desember 2024. Kontrakten har opsjon på forlenging med inntil eitt år. Løysingane her vil kunna bidra til å navigera kursen for vidare digitalisering og automatisering i komande kontraktsutlysingar på riksvegferjesambanda.

– For oss er det viktig å få svar på kva innovasjon marknaden uansett har planar om å levera. Og kva det er som føreset at vi som innkjøpar må tilretteleggja, held Rønnevik fram.

Tverretatleg samhandling

Statens vegvesen stiller med fleire deltakarar på ferjekonferansen. Mellom desse er Bjørn Laksforsmo, direktør for Divisjon Drift og vedlikehold. Han vil halda innlegg om offentlege anskaffingar som verkemiddel for utvikling og implementering av ny teknologi.

Sjøfartsdirektør Lars Alvestad skal fortelja om korleis Sjøfartsdirektoratet kan bidra til digitalisering og automatisering i ferjedrifta, gjennom deira rolle som utviklar av regelverk og som godkjenningsmyndigheit.

Trond Langemyr vil orientera om Kystverkets bidrag til autonome system og digital informasjon.

Meir nytte til lågare pris

Nytta skal opp og kostnaden ned, er ein del av Statens vegvesen sin framtidige strategi for ferjedrifta.

– Kan bruk av data og ny teknologi bidra til sambanda kan driftast på nye måtar - til dømes som eit system av ferjer, og ikkje fleire enkeltferjer som alle er utrusta som om dei går aleine på fjorden? Smartare bruk av data og ny teknologi gjer at vi kan henta ut effekt, samtidig som vi må kunna dokumentera at ny teknologi er like trygg som dagens. Passasjertryggleiken skal varetakast, understrekar Rønnevik.

Det er ikkje første gong at Lavik – Oppedal er tidleg ute med innovasjon. Det var på dette sambandet at verdas første batterielektriske ferje med konvensjonell framdrift, MF Ampere, starta å gå i 2015. Ho vart kåra til Ship of the year i 2014, ein heider ho delar med to andre ferjer på riksvegferjesamband: MF Glutra i 2000 (verdas første bilferje som vart driven med flytande naturgass – LNG) og MF Hydra i år (verdas første hydrogenferje).

Les meir om Statens vegvesen si satsing på innovasjon i ferjedrifta her.

ferje, E39, Lavik - Oppedal, digitalisering, automatisering, innovasjon, teknologi
Joachim Rønnevik er prosjektleiar på ferjeavdelinga i Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesen

Alt i gang med å testa ut

Automatiserte løysingar er alt testa ut på fleire ferjesamband, mellom anna Moss-Horten.

Her sit kapteinen framleis med «handa på rattet» og overvakar, sjølv om ferja kan gå fra kai, kryssa Oslofjorden og leggja til av seg sjølv.

Statens vegvesen har alt innleia skriftleg marknadsdialog om digitalisering og automatisering.

– Dette har gitt oss innspel som viser at data og ny teknologi skapar moglegheiter for auka nytte for dei reisande, auka tryggleik, reduserte utslepp og meir kostnadseffektiv ferjedrift. Dette er bakgrunnen for at vi no ynskjer meir inngåande dialog med marknaden om eit konkret samband, avsluttar Rønnevik.

Kontaktperson: Joachim Rønnevik, e-post , telefon 99609469

Aktuelt for fylke: Vestland, Møre og Romsdal, Rogaland