Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Måndag startar Statens vegvesen skredsikring ved Bjørnsnestunnelen på riksveg 5.

Jobben ved den 288 meter lange tunnelen mellom Førde og Florø startar fyrstkomande måndag, 24. januar klokka 19.00, og varar i fem veker.

Her er området ved riksveg 5 Bjørnsnestunnelen der det skal skredsikrast.
Her er området ved riksveg 5 Bjørnsnestunnelen der det skal skredsikrast. Foto: Statens vegvesen

Arbeidet medfører kolonnekøyring med ledebil gjennom Hornnes- og Bjørnsnestunnelen, og følgande stengeregime:

¤ Stengt inntil 30 minutt frå klokka 19.00 - 23.00 og 05:30 - 07:00

¤ Stengt frå klokka 23:00 - 02:00 og 02.00 - 05.30.

Stengetidene skal tilpassast passeringstidspunkt for buss i rute. Etter avtale med dirigent kan utrykkingskøyretøy passera.

Etter avtale med dirigent får fastbuande mellom tunnelane koma til og frå eigedommane sine, og til og frå Førde.

Det er Mesta som er entreprenør på jobben.

Bjørnsnestunnelen har ein gjennomsnittleg trafikk på 4.400 køyretøy i døgnet (det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk, forkorta ÅDT). 400 av desse køyretøya (eller 10 prosent) er tunge køyretøy.

Kontaktperson: Byggjeleiar Dag Ove Ulltang, dag.ulltang@vegvesen.no, telefon 95259729

Bjørnsnestunnelen, riksveg 5, Vestland
Pila visar nøyaktig kor det skal sikrast. Illustrasjon: Statens vegvesen Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland