Artikkelen er over to år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

I april startar Statens vegvesen jobben med å gjera riksveg 13 mellom Kinsarvik og Kyrkjenes breiare.

Det var stor konkurranse om det etterlengta vegarbeidet i Ullensvang kommune i Vestland, sørvest for Hardangerbrua.

Døme på vegparti mellom Kinsarvik og Kyrkjenes på riksveg 13
Døme på vegparti mellom Kinsarvik og Kyrkjenes på riksveg 13. Foto: Statens vegvesen

Mange ynskte jobben, dei fleste frå Vestlandet

Heile 14 firma ynskte oppdraget:

¤ Brøderene Flatebø AS frå Etne, som leverte tilbod på 43.818.441 kroner.

¤ Landmark Maskin AS frå Bømlo med tilbod på 47.869.188 kroner.

¤ Mesta AS; 48.721.884,07 kroner.

¤ Flage Maskin AS frå Voss; 48.999.979,40 kroner.

¤ Augestad Maskin AS frå Vik i Sogn: 54.089.636,72 kroner.

¤ GBS Entreprenør frå Øystese leverte tilbod på 54.664.228,94 kroner.

¤ Rune Holt AS frå Bagn på 54.814.826 kroner

¤ Vassbakk & Stol AS frå Karmøy var og med i konkurransen, med tilbodssum på 56.496.085,59 kroner.

¤ Det var og Morgedal Entreprenør AS frå Kviteseid med 59.837.709 kroner.

¤ Aurstad Tunnel AS frå Hovdebygda med 59.936.603 kroner.

¤ Hæhre Entreprenør AS; 62.463.229,60 kroner.

¤ Hirth Himle Entreprenør frå Voss; 68.295.715 kroner.

¤ Hylland AS frå Godvik i Bergen leverte tilbod på 68.164.867 kroner.

¤ Og siste tilbydar i konkurransen var JR Anlegg AS frå Oslo, med 94.401.583,17 kroner.

– Etter at kontrollrekning var gjort, og karensperioden er ute, er det no klart at Etne-firmaet Brødrene Flatebø AS har fått oppdraget. Kontrakten er signert, og vi ser frem til å koma i gang. Det skjer i løpet av april, seier byggjeleiar Ketil Bere i Statens vegvesen.

Dette er prosjektet

Breidda på vegbanen mellom Kinsarvik og Kyrkjenes er enkelte plassar heilt nede i 4 meter. No skal det utvidast til 7,5 meter på heile strekkja.

Dette er eit etterlengta prosjekt på ein smal veg der det ofte er lange køar om sommaren,  når mange turistar kjem til vakre Hardanger.

– Me er glade for å setja i gang eit permanent utbetringsarbeid, som vonaleg vil bidra til at trafikken vil flyta lettare, legg Bere til.

Anleggstida er sett til om lag to år, med planlagd sluttdato mai 2024.

– Me har forståing for at slikt langvarig anleggsarbeid kan vera krevjande for trafikantene, men då er viktig å minna om at me gjer dette nettopp for dei, for å kunne vareta trafikktryggleiken og betra framkomet for framtida, understrekar Bere.

Arbeidet vil i hovudsak skje på dagtid.

Trafikkavviklinga vil skje med hjelp av trafikkdirigentar og ljosregulering, og trafikantane må førebu seg på inntil 15minuttar venting.

Vegstrekninga som no vert utbetra breiare, er på 2,1 kilometer.

Det er ingen bustadhus i nærleiken av vegstrekkjet som vert utbetra, men det vil verta støy i periodar i samband med sprenging og pigging.

Aktuelt for fylke: Vestland