Statens vegvesen startar snart vedlikehaldet av ti bruer i gamle Sogn og Fjordane.

Bruene som skal vedlikehaldast, er:

¤ Sag bru, E39 i Eid

¤ Årskog bru, E39 i Eid

¤ Torvik bru, riksveg 15 i Eid

¤ Holmøy bru, E39 i Eid

¤ Skårhaug bru, riksveg 15 i Eid

¤ Eide II Øvre bru, riksveg 15 i Stryn

¤ Øvstefoss bru, riksveg 15 i Stryn

¤ Hallinggrov bru I, E16 i Aurland

¤ Bærelva bru, riksveg 5 i Naustdal

¤ Aven bru, E39 i Høyanger

Hallinggrov bru på E16 i Aurland har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil prosjektet bestå i å ta vekk steinmassane. Foto: Statens vegvesen

Dette skal vi gjera

– Vi skal skifta rekkverk og fundament, og utbetra betongskadar, seier prosjektleiar Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen.

Hovudsakleg vil arbeida verta gjort på dagtid, og det er sett av om lag 60 dagar til kvar bru. Arbeida startar på forsommaren i år, og skal være ferdige innan 31. oktober 2024.

På fleire av strekningane vil vegen verta innsnevra til eitt køyrefelt anten heile eller delar av anleggsperioden.

– Vi er klar over at vedlikehaldsarbeid langs vegen kan skapa trafikale utfordringar. Vi gjer difor alt vi kan for å informera breiast og best mogleg om vedlikehaldet på 175.no, slik at trafikkavviklinga blir smidigast og tryggast mogleg, legg Mølstre til.

Det er viktig at alle trafikantar respekterer trafikkreguleringa, uansett om den skjer ved skilting, lys eller dirigent.

– Der vedlikehaldet skaper trafikale utfordringar, freistar vi å gjera oss ferdig med alt når vi er i gang, understrekar han.

Bruene i prosjektet har ein gjennomsnittleg døgntrafikk som varierer frå 1100 køyretøy på riksveg 15 i Stryn til 4.450 køyretøy på riksveg 5 i Naustdal. Det er dette som kallast for årsdøgntrafikk (ÅDT).

Fristen for å koma med tilbod er 1. april. Lenkja til tilbodsutlysinga i Doffin ser du her.

Difor gjer vi dette

Bruene som skal vedlikehaldast, er bygde på 60-talet og fram til 1970. Krava til trafikktryggleik på bruer var andre den gongen enn i dag. Og det er difor må rekkverka skiftast ut.

I tillegg fører vér og vind fører til naturleg slitasje på alle bruer, som til dømes armeringskorrosjon (rust).

Ei av bruene i dette vedlikehaldsprosjektet, Hallinggrov på E16 i Aurland, har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil prosjektet bestå i å ta vekk steinmassane.

Slik jobbar Vegvesenet med bruvedlikehald

Vegvesenet har ansvaret for om lag 6.000 brukonstruksjonar på landets riks- og europavegar. Ei bru har gjennomsnittleg ei levetid på 100 år, så lenge ho får rett vedlikehald til rett tid.

Statens vegvesen sitt grundige inspeksjonsregime sikrar at vi har oversikt over tilstanden på bruene, slik at dei til ei kvar tid er trygge og framkomelege å ferdast på for trafikantane.

Årleg brukar vi rundt ein halv milliard på dette viktige vedlikehaldsarbeidet. For vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt. Det handlar og om å ta vare på det vi har.

Trygge bruer er også med på å gi ein enklare reisekvardag og oppfylla vår visjon om null drepne og hardt skadde i trafikken.

Kontaktperson: Prosjektleiar Trond Ingve Mølstre, e-post telefon 41501380

Aktuelt for fylke: Vestland