Statens vegvesen lagar 1,3 kilometer ny gang- og sykkelveg nord på Stord, like sør for Sandvikvåg ferjekai i Fitjar kommune.

Kjem du nordfrå med ferja frå Os, Halhjem – Sandvikvåg, er det i dag gang- og sykkelveg frå ferjekaien og 700 meter sørover til avkøyringa ved Levågslia.

Frå anleggsarbeida for ny gang- og sykkelveg nord på Stord. Foto: Knut-Stian Rimmereid, Statens vegvesen
Frå anleggsarbeida for ny gang- og sykkelveg nord på Stord. Foto: Knut-Stian Rimmereid, Statens vegvesen

Fleire gode argument for prosjektet

– Det er fleire gode grunnar til at vi har ønskt å forlenga gang- og sykkelvegen 1,3 kilometer fram til Færøysund, seier byggeleiar Knut-Stian Rimmereid i Statens vegvesen.

For det første går Nasjonal sykkelrute 1 gjennom dette området.

– I tillegg er det uansett ei god betring av trafikksikkerheita i dette området å legga betre til rette for mjuke trafikantar på denne utsette strekninga med stor trafikk, skarpe svingar og ei bratt stigning mellom Levåg og Færøysund, legg han til.

Anleggsarbeida for ny gang- og sykkelveg starta i mars, og skal etter planen vera ferdig til årsskiftet.

Fellesprosjekt med kraftlaget Fagne

Statens vegvesen har eit godt samarbeid med kraftlaget Fagne på dette prosjektet.

– Eit fellesprosjekt gir gode synergiar, både økonomisk og anleggsmessig. Kraftlaget forsterkar no høgspentnettet, og legg ned luftlinje for å nok strøm til framtidig elferje Jektavik – Hodnanes. Ved at vi har eit fellesprosjekt, blir no all graving i området tatt samtidig, i staden for nye anleggsperiodar seinare.

Med dette prosjektet tilrettelegg Statens vegvesen no også for framtidig etablering av veglys på den tre kilometer lange strekninga frå Sandvikvåg ferjekai til Engjavik.

Aktuelt for fylke: Vestland