Når Statens vegvesen søker med hund i tunnel, er det kanskje mange trafikantar som lurer.

Som til dømes då vi nyleg søkte etter sprengstoff i Vågstunnelen på riksveg 13 i Rogaland. Med hund. Og like ved stod ein bil parkert – med logoen «eksplosivhund.no» på.

Hundesøk etter sprengstoff i tunnel kan virka dramatisk, men det er det ikkje.
Hundesøk etter sprengstoff i tunnel kan virka dramatisk, men det er det ikkje. Foto: Espen Skjærbekk, Statens vegvesen

– Ikkje dramatisk

Byggeleiar tunnel, Espen Skjærbekk, er raskt ute med å presisera:

– Vi har forståing for at det kan sjå oppsiktsvekkande ut med hundesøk, og ikkje minst at søk etter sprengstoff kan høyrast voldsomt ut. Men det er det altså ikkje.

Eksplosiv kan ikkje gå av utan tenning, og Vegvesenet har dessutan for lengst betra sine rutinar for å ta vekk restar etter sprenging.

– Det er ikkje fare for at det ligg farleg sprengstoff i våre tunnelar. Søket vi gjorde i Vågstunnelen var rein rutine før vi skulle i gang med eit nytt sprengingsarbeid, understrekar han.

Dette er praksisen

Søk med hund i tunnel er altså alt anna enn uvanleg. Vegvesenet gjer alltid slike søk før vi skal sprenga i ein av våre om lag 600 tunnelar. Dette er ein veletablert praksis gjennom mange år.

Hundane som vert nytta, er spesialtrena, og det er Jessheim-firmaet eksplosivhund.no vi har avtale med for denne type oppdrag.

Vi ryddar opp etter sprenging

I tillegg har Vegvesenet eit strengt regime for å rydda opp etter at vi har sprengt.

Tidlegare var det ikkje så stort fokus på at udetonert sprengstoff måtte fjernast. Men dette er stramma inn for mange år sidan.

– Statens vegvesen har ansvaret for nærmare 600 tunnelar på det norske riks- og europavegnettet. Ein del av vårt ansvar som vegeigar er at trafikantane alltid skal kunna oppleva desse som trygge. Som med alt anna vi gjer på våre vegar; vi gjer dette for dei. Tryggleik kjem alltid først, både for trafikantane og dei som skal jobba i tunnelane. Alle har nokon dei skal heim til.

Fann vi noko?

Og om publikum lurte på sjølve hundesøket, lurar dei sikkert også på om vi fann noko i Vågstunnelen nyleg.

– Svaret er at ja, det gjorde vi. Det som vart funne, var for det meste papir frå dynamitt frå eit tidlegare arbeid. Dette låg i ei grøft, hadde vorte vatna ut, var heilt ufarleg og var ikkje til hinder for trafikken.

Området der hunden markerte, vart grave opp og sjekka ut. Der vart ikkje funne noko meir der.

Hundesøket vart gjort på natta, og det var kolonnekøyring medan det fann stad.

– Trafikantane lurte kanskje litt på kva som skjedde, men det var altså ikkje noko dramatisk. Det var rutinearbeid, og vi gjorde for det for alle sin tryggleik. Tunnelen var trygg både før og etter vi fjerna dei små restane vi fann, avsluttar Skjærbekk.

Kontaktperson: Espen Skjærbekk, e-post espen. , telefon 90811760

Aktuelt for fylke: Vestland, Rogaland, Møre og Romsdal, Nordland