Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Arbeidet er alt starta.

Statens vegvesen har starta skredsikringsarbeid på riksveg 13 ved Vikali i Vik kommune.

Området ligg i stigninga frå Vikøyri mot Vikafjellet.

Arbeidet omfattar reinsking, skogrydding og oppsetting av fanggjerde. Lengda på arbeidsperioden er véravhengig.

Det blir manuell trafikkdirigering, og vegen vert stengd i korte periodar. Trafikk blir sendt først i retning mot ferje på Vangsnes. Nødetatar og buss i rute får passera.

– Riksveg 13 Vikafjellet er ein viktig fjellovergang på sørsida av Sognefjorden, og avgjerande for kryssing av Sognefjorden midt i Sogn. Statens vegvesen har forståing for at vegarbeid på denne strekninga kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer arbeidet nettopp for dei, for at vi skal kunna gje dei ein trygg og føreseieleg framkomeleg veg over Vikafjellet også i framtida. Skredsikring er ein viktig del av dette, sier byggeleiar Lars Busk Grinde i Statens vegvesen.

Elles oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane om å planleggja sine reiser ved å sjekka 175.no, der Vegtrafikksentralen til ei kvar tid gir oppdaterte trafikkopplysningar om alle landets vegar.

Statens vegvesen skredsikrar no ved Vikali på riksveg 13 Vikafjellet. Kart: Statens vegvesen
Statens vegvesen skredsikrar no ved Vikali på riksveg 13 Vikafjellet. Kart: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke: Vestland