Statens vegvesen stenger gamle Hjelle bru ved Nordfjordeid for all trafikk i løpet av oktober.

– Bruas tilstand og ei totalvurdering av vedlikehaldsbehovet opp mot kost-/nytteverdi gjer at vi som vegeigar tek denne avgjerda, seier bruforvaltar Bengt Olav Skogland i Statens vegvesen.

Statens vegvesen stenger no gamle Hjelle bru (til høgre) for all trafikk.
Statens vegvesen stenger no gamle Hjelle bru (til høgre) for all trafikk. Foto: Google Maps Street View

Vegbrua som ligg like ved vart bygd som erstatningsbru alt i 1984.

Gangbrua like ved kom i 2005.

Gamle hjelle bru ligg like ved fellestraseen E39/riksveg 15, i krysset mot riksveg 651.

Kontaktperson: Bruforvaltar Bengt Olav Skogland, e-post , telefon 91395051

Aktuelt for fylke: Vestland