I vinter samarbeider Statens vegvesen og Mesta i Bergen for å teste om ein smarttelefon i frontruta kan forenkle innsamling av vegdata.

Desse var med på installering av utstyret i bilane: Alfred Lindberg (Univrses), Christine Helen Førde (Mesta), Leif Helge Fjellro (Mesta), Alexander Svindseth (Statens vegvesen), Thor Bratli (Mesta), Geertje de Lange (Univrses). Foto: Mariell Totland (Mesta).
F.v.: Alfred Lindberg (Univrses), Christine Helen Førde (Mesta), Leif Helge Fjellro (Mesta), Alexander Svindseth (Statens vegvesen), Thor Bratli (Mesta), Geertje de Lange (Univrses). Foto: Mariell Totland (Mesta). Foto: Silje Drevdal

Denne vinteren skal fire bilar fange data om tilstanden på Bergensvegane medan dei rullar rundt på andre oppdrag. Bilane tilhøyrer driftsentreprenør Mesta, og ekstrautstyret som gjer datafangsten mogleg er ein smarttelefon i frontruta.

– Me skal teste ein applikasjon frå den svenske produsenten Univrses, som me håper kan finne feil og unøyaktigheiter på skilt og anna infrastruktur for oss, fortel Alexander Svindseth i Statens vegvesen sin seksjon for intelligente transportsystem (ITS). Som del av Vegvesenet sitt ITS-pilotprogram jobbar han mellom anna med praktiske testar av ny teknologi.

Enkel datafangst

– Gjennom kameraet på smarttelefonen kan applikasjonen automatisk fange opp, identifisere og registrere skilt langs vegen. Teknologien baserer seg på bildegjenkjenning og kunstig intelligens, fortel Svindseth.

Mesta er driftsentreprenør for Statens vegvesen i Bergensområdet, med ansvar for den daglege oppfølginga av vegnettet. Ved å installere systemet i deira vegmeisterbilar, som uansett er på farten heile tida, skjer datafangsten nærast av seg sjølv.

– At me kan bruke allereie eksisterande og breitt tilgjengeleg utstyr som bilar og ­smarttelefonar gjer systemet enkelt, raskt og rimeleg å ta i bruk, fortel Svindseth.

Bilde av mobil montert i frontruta på ein bil.
Slik kan det sjå ut med mobilen montert i frontruta på bilen. Illustrasjon: Univrses

Kartet og terrenget

Piloten i vinter spring ut av ein test av ISA – Intelligent Speed Assistant, eller intelligent fartsassistent – som Statens vegvesen gjennomførte i fjor haust, i samarbeid med bilimportørar og kartleverandørar. Dette er system som kan informere føraren om fartsgrensa på staden, eller automatisk avpassa farten til bilen. ISA baserer seg på ei blanding av skiltgjenkjenning og bakgrunnsdata.

SINTEF har analysert dataa frå testen for Vegvesenet, og fann mellom anna at det trengst gode bakgrunnsdata.

Slike data leverer Statens vegvesen gjennom databasen NVDB – Nasjonal vegdatabank. Der finn m.a. produsentar av karttenester og førarassistentsystem informasjon om alle vegar i Noreg, og infrastrukturen som høyrer til desse vegane.

– Det er viktig for kundane våre at me leverer god datakvalitet i NVDB, seier Svindseth.

– Kort sagt: det som står på kartet, må stemme med røynda ute langs vegen. Me håper applikasjonen til Univrses mellom anna kan hjelpe oss til å identifisere feil i NVDB.

Betre data = betre vedlikehald

Piloten skal også teste om applikasjonen kan registrere meir enn skilt.

– Systemet kan blant anna oppdage ein del skadar i veg, som hol og sprekker, fortel Svindseth.

Målet på sikt er at vegvedlikehaldet skal bli meir datadrive.

– Ei kontinuerleg tilstandsovervaking av vegnettet gir oss informasjon som kan gi betre og meir målretta vedlikehald av vegnettet.

Også Mesta ser også store moglegheiter i teknologien:

– Me set stor pris på å få vere med på dette innovative prosjektet, som testar ut ny teknologi med eit så stort potensial, seier Ketil Dahl, leiar for marknad- og forretningsutvikling.

– Dette passar perfekt med satsinga vår på digitalisering av heile drift- og vedlikehaldsområdet.

Utstyret vart installert i Mesta-bilane tidlegare denne veka, med representantar frå Statens vegvesen, Univrses og Mesta til stades. Der skal det stå heile vinteren igjennom – til saman i om lag seks månadar.

– Bergensvinteren burde tilby vanskelige testforhold, noko som er litt av målet, sidan det ikkje alltid er optimale forhold å operere under. På den måten får me ein realistisk test.

Samlar berre inn nødvendige data

Løysinga samlar berre inn bilde der det blir oppdaga objekt, og minimerer såleis datainnsamling av andre bilar og menneske. Skulle dette likevel komme med, blir det automatisk anonymisert før bilda blir lagra, forsikrar Svindseth

– Applikasjonen på telefonen nyttar bildegjenkjenning og kunstig intelligens til å identifisere objekt langs vegen. Dette går føre seg i sjølve telefonen, og er såleis eit godt døme på edge computing.

Edge computing vil seie at kalkulasjonar blir utførte så nær bildetakinga som mogleg, i motsetning til cloud computing der kalkulasjonane blir gjorde i «skya».

Kontaktar

Alexander Svindseth

Prosjektleiar
Telefon:
98838849
E-post:
Aktuelt for fylke: Vestland