Statens vegvesen legg i dag ut framlegg til reguleringsplan for riksveg 5 Lunde–Lundebotn på offentleg høyring.

Målet med planen er å regulera areal for å bygga forbikøyringsfelt og kjettingplassar langs rv. 5 mellom Kjøsnestunnelen i Sunnfjord kommune og Fjærlandstunnelen i Sogndal kommune.

Riksveg 5 Lunde–Lundebotn - skisse
Riksveg 5 Lunde-Lundebotn. Illustrasjon: Statens vegvesen

Dette er området

Strekninga har ei lengd på om lag to kilometer og stigning på opp mot åtte prosent. Den bratte stigninga fører til at spesielt tyngre køyretøy mister fart og det oppstår trafikale problem, spesielt vinterstid.

Statens vegvesen vurderer at våre planlagde utbetringar gir betre trafikktryggleik og vesentleg betre framkomst på strekninga.

Riksveg 5 Lunde. Illustrasjon: Statens vegvesen
Riksveg 5 Lunde. Illustrasjon: Statens vegvesen

Ikkje til hinder for planlagt gondolprosjekt

Parallelt med dette blir det jobba med planar for å realisera Jostedalsbreen Glacier Gondol.

Statens vegvesen og Jostedalsbreen AS har hatt godt samarbeid for å prøva og samordna planane. Gjennom dette arbeidet viste det seg mest hensiktsmessig for begge partar å jobba med planane kvar for seg

Statens vegvesen sine planar for rv. 5 Lunde–Lundebotn er mogleg å kombinera med bygging av gondolprosjektet.

– Vår plan legg opp til at rasvoll på nordsida av rv. 5 må forlengast. Truleg må denne flyttast og/eller forlengast endå meir ved ei framtidig bygging av botnstasjon for gondolanlegg. Dette er løysbart, og våre planar vil ikkje vera til hinder for bygging av gondol, seier seksjonssjef Tone Anette Espe i Statens vegvesen.

– Eit godt prosjekt på fleire område

Dette er eit godt prosjekt som Statens vegvesen prioriterer i gjennomføringsplanen til NTP (Nasjonal transportplan). For å komma i posisjon for tildeling av midlar er gryteklare planar heilt vesentleg, legg ho til.

– Prosjektet treffer godt med omsyn til fleire av Statens vegvesen sine toppmål: Det gir betre og meir føreseieleg framkomst og betre trafikktryggleik, det aukar konkurranseevna for næringslivet, det gjer meir for pengane, og ikkje minst så tar vi vare på og utviklar det vi har, avsluttar Tone Anette Espe.

Kontaktar

Tone Anette Espe

Seksjonssjef
Telefon:
95 94 80 75
E-post:
Aktuelt for fylke: Vestland