Statens vegvesen monterer no 13 nye friteksttavler i Vestland.

Dei vert plasserte på fleire stader fordelt over heile fylket:

  • Rise bru, riksveg 15 i Stryn
  • Bakke bru, E39 i Stad
  • Riksveg 15, Haugane i Stad
  • To tavler på riksveg 15 Måløybrua i Kinn
  • To tavler på E39 Halhjem ferjekai i Bjørnafjorden (utskifting av eksisterande tavler)
  • To tavler på E39 Sandvikvåg ferjekai i Fitjar, på andre sida av ferjesambandet Halhjem–Sandvikvåg (utskifting av eksisterande tavler)
  • Ei tavle på ved E39 Hopstunnelen retning mot Bergen sentrum (utskifting av eksisterande tavle)
  • Ei tavle på riksveg 13 – mot Lausasteintunnelen sørover frå Odda
  • Ei tavle på riksveg 13 – frå Røldal mot Stavanger
  • Ei tavle på E134 Kløvet, i krysset mot riksveg 13
Døme på heilgrafisk friteksttavle - bilde
Døme på heilgrafisk friteksttavle. Foto: Statens vegvesen

Fire ville ha jobben

Det var fire tilbydarar til oppdraget (alle prisar ekskl. mva.):

Tilbydarar
Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Trafsys AS frå Bergen 14 506 078,00
Otera Traftec AS frå Froland 14 828 110,33
Swarco Norge AS frå Oslo 15 795 158,43
One CoInfra AS frå Arendal 18 065 181,00

Etter kontrollrekning har Statens vegvesen signert kontrakt med Bergens-firmaet Trafsys AS på oppdraget.

Heilgrafiske tavler

Entreprenøren skal starta på jobben så snart som mogleg, og vera ferdig innan desember 2023.

Monteringa er dagjobb, og vil få små konsekvensar for trafikken. Unnataket er Hopstunnelen, der det blir nattejobbing på grunn av høg trafikkmengd på dagtid.

– Målet med friteksttavlene er å gje betre informasjon til trafikantane langs vegen, om både akutte hendingar og planlagde aktivitetar. Det vi skal setja opp her, er såkalla heilgrafiske tavler, der vi kan visa symbol i tillegg til tekst. Friteksttavlene er ein del av arbeidet med å syta for eit trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett, der vi tek i bruk ny teknologi for å syta for at trafikantene kjem seg trygt fram dit dei skal, så effektivt som mogleg, sier byggeleiar Svein Ivar Henjum Moe i Statens vegvesen.

Kontaktperson: Svein Ivar Henjum Moe, e-post , telefon 90670083

Aktuelt for fylke: Vestland