Artikkelen er over eitt år gammal, og innhaldet kan vere utdatert.

Statens vegvesen skal vedlikehalda Fodnes ferjekai, og må difor stengja han måndag kveld, onsdag kveld og delar av natt til torsdag i veke 47.

– Det blir alternativ rute mellom Manheller og Lærdal (éi ferje i drift) i periodane det pågår arbeid, seier byggjeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.

Fodnes ferjekai, riksveg 5.
Fodnes ferjekai. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Endra avgangar måndag

Måndag 21. november: Arbeid mellom klokka 20.00 og 21.45.

Siste avgang Mannheller - Fodnes blir klokka 19.40. Dei som skal ta neste ferje frå Mannheller, klokka 20.00, tek då ferje til Lærdal.

Siste avgang Fodnes - Mannheller blir klokka 20.00. Dei som skal ta neste ferje til Mannheller, tek då ferje frå Lærdal klokka 20:55.

Mannheller-Lærdal klokka 20.00

Lærdal-Mannheller klokka 20.55 (ankomst Mannheller om lag klokka 21.40)

Ordinær rute Manheller - Fodnes frå klokka 22.00. Også frå Fodnes er det ordinær rute frå klokka 22.00.

Endra avgangar onsdag/torsdag

Onsdag/torsdag 23. og 24. november: Arbeid mellom klokka 23.30 og 03.15.

Siste avgang Mannheller-Fodnes blir klokka 23.00. Dei som skal ta neste ferje klokka 00.00 tek då ferje til Lærdal.

Siste avgang Fodnes - Mannheller blir klokka 23.30. Dei som skal ta neste ferje må ta ferje frå Lærdal klokka 00.45.

Mannheller - Lærdal klokka 00.00

Lærdal - Manheller klokka 00.45

Manheller - Lærdal klokka 01.30

Lærdal - Manheller klokka 02.15

Ordinær rute Mannheller-Fodnes frå klokka 03.00.

– Vi gjer dette for trafikantane

– Statens vegvesen har forståing for at arbeid som medfører at vi må stengja våre ferjekaiar kan gje ulemper for trafikantane. Då er det viktig å minna om vi gjer dette arbeidet nettopp for dei, for at dei skal kunna ferdast trygt til ei kvar tid. I god dialog med entreprenør har vi valt å leggja arbeidet til den tida på døgnet då det er minst trafikk, seier byggjeleiar Asbjørn Røneid i Statens vegvesen.

Vi oppmodar elles trafikantar til å sjekka 175.no før ein skal ut og reisa. Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på norske riks-, europa og fylkesvegar.

Kontaktperson: Asbjørn Røneid, e-post asbjorn.roneid@vegvesen.no, telefon 9591867

Aktuelt for fylke: Vestland