Fleire trafikantar bryt skiltinga i Gravensteinsgata.

Problema har oppstått etter at vegarbeida i gata vart ferdige, og nye skilt er sette opp. Mange følgjer ikkje skiltinga, og køyrer slik dei gjorde tidlegare.

Ny skilting: Innkøyring i Ålkrysset. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen
Ny skilting: Innkøyring i Ålkrysset. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen

– Alle trafikantar må følgja og respektera skiltinga. Kanskje

gjer dette at dei må endra køyremønsteret sitt i Sogndal sentrum, seier byggeleiar Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.

Det er i Ålkrysset og Leighgota-krysset at det er ny skilting samanlikna med tidlegare.

Ny skilting: Utkøyring frå Leighgota. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen
Ny skilting: Utkøyring frå Leighgota. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen

Førebels har det ikkje oppstått trafikkfarlege situasjonar, men det har hopa seg opp med trafikk fordi enkelte ikkje følgjer skiltinga.

Gravensteinsgata er hovudgata i Sogndal sentrum og vert gjennomsnittleg trafikkert av 9471 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 8 prosent, eller 758, lange køyretøy (altså tungtrafikk). Gata har også høg andel mjuke trafikantar.

Ny skilting: Utkøyring i Ålkrysset. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen
Ny skilting: Utkøyring i Ålkrysset. Foto: Jørn Kristian Engebø, Statens vegvesen

Kontaktperson: Jørn Kristian Engebø, e-post , telefon 9591891

Aktuelt for fylke: Vestland