Vegvesenet startar snart å opparbeida eit anleggsområde på E39 Holmøyane ved Hornindalsvatnet. Heile 17 entreprenørar har levert tilbod på oppdraget.

Den delvis fossilfrie riggplassen skal brukast seinare, først og framst i samband med skredsikring på Skredestranda.

Den raude pila syner kor Statens vegvesen skal opparbeida delvis fossilfri anleggsplass for skredsikring på E39 ved Hornindalsvatnet. Kart: Norgeskart.no
Den raude pila syner kor Statens vegvesen skal opparbeida delvis fossilfri anleggsplass for skredsikring på E39 ved Hornindalsvatnet. Kart: Norgeskart.no

Desse 17 vil ha jobben

Heile 17 entreprenørar har levert tilbod på å opparbeida anleggsplassen.

Dei som har levert er (alle prisar er eksklusive moms):

Kveen AS frå Stryn 3.608.153,00

Geir Sandal AS frå Deknepollen 3.875.666,14

Hafstad Magne AS frå Førde 4.203.550,00

Grunnfjell AS frå Atløy 4 650 464,00

Volda Maskin AS 4 657 874,00

Opshaug AS frå Stranda 4.666.855,00

Stein Arne Sunde AS frå Skei i Jølster 4.962.125,00

Mesta AS 5.302.413,01

Aco Anlegg AS frå Tennfjord 5.398.799,80

Maskinentreprenør Jimmy Nore & Sønn AS frå Måløy 5.434.650,00

Lesja Bulldozerlag AS 5.552.052,28

Nordfjord Vegservice AS frå Stryn 5.663.155,00

Torleiv Straume AS frå Hyen 5.727.575,00

Norsand AS frå Nordfjordeid 5.991.045,00

Stian Brenden Maskinservice AS frå Dovreskogen 6.000.000,00

Ulstein Entreprenør AS frå Haddal 6.026.370,00

Skjerven AS frå Årdalstangen 6.038.900,00

– Vi skal no kontrollrekna tilboda. Etter dette gjer vi ei innstilling. Tildeling skjer så snart som mogleg etter at karensfristen på ti dagar er ute. Arbeidet startar så snart som mogleg etter dette, og skal vera ferdig til 18. oktober. Vi er godt nøgde med stor konkurranse om oppdraget, seier prosjektleiar Sonja Fjellkårstad i Statens vegvesen.

Dette er prosjektet

Den fem mål store riggplassen består av ein del fjell. Entreprenøren som får kontrakten, må først reinska fjellet på tomta og sprengja vekk fjellet. Massane skal brukast til å fylla på tomta.

– Dette er ein kortreist gjenbruk som er ein del av klima- og miljøprofilen som er viktig i alle Statens vegvesen sine kontraktar, legg Fjellkårstad til.

Etter at fyllinga av tomta er gjort, skal vald entreprenør asfaltera, laga grøfter og montera veglys, gjerde og oljeavskiljar. I vestre del av arealet skal det opp ein om lag fem meter høg natursteinsmur.

Når sjølve skredsikringa startar, er førebels uvisst. Det som då skal gjerast, er å skredsikra åtte punkt langs Skredestranda. Statens vegvesen har starta arbeidet med å laga reguleringsplan, og håper å få vedteken ein slik plan i løpet av året.

Skredestranda/Holmøyane på E39 langs Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet, vert gjennomsnittleg trafikkert av 1398 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Av dette er 20 prosent, eller 280, lange køyretøy (tungtrafikk).

– Vi tar vare på det vi har

Skredsikring går rett inn i kjernen på det drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet handlar om.

– Det handlar om å ta vare på det vi har, noko som er noko av det finaste du kan gjera både for samfunnet og klimaet. Dette er ei lang rekke prosjekt som kvar for seg kanskje ikkje utgjer så mykje, men som i sum har stor betydning for kvardagen til folk, tryggleiken på vegane og konkurransekrafta for næringslivet. Gode tilhøve for skredsikring er ein viktig del av dette.

– Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørga for at vi klarar det i morgon, slik at vegen framleis skal vera trygg og føreseieleg framkomeleg for trafikantane, avsluttar Fjellkårstad.

Statens vegvesen inspiserer alle riks- og europavegar etter fastsette intervall som skal vareta trafikantane sin tryggleik til ei kvar tid. Skredsikring skjer etter geologiske inspeksjonar.

Kontaktperson: Sonja Fjellkårstad, epost sonja.fjellkaarstad@vegvesen.no, telefon 99165857

Aktuelt for fylke: Vestland, Møre og Romsdal, Innlandet