Statens vegvesen asfalterer dei neste tre vekene tre E16-strekningar mellom Bolstad og Voss.

Det er Bolstad aust–Vassenden, Holemarktunnelen aust–Væletunnelen aust og Evanger–Knoltatunnelen aust som no vert vedlikehaldne.

Denne strekkja mellom Vassenden og Bolstad aust er mellom dei som no vert asfalterte. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Denne strekkja mellom Vassenden og Bolstad aust er mellom dei som no vert asfalterte. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

På desse strekkjene skal eksisterande asfaltdekke fresast ned 25 millimeter før det leggjast nytt slitelag. Ver merksam på fare for steinsprut etter fresing, og ta omsyn til dette når du køyrer.

Arbeidet startar måndag 12. juni og er planlagt ferdig innan innan veke 27.

Arbeidstida vert måndag-torsdag klokka 07.00-21.00.

Vert asfaltert: Bolstad aust - Vassenden. Kart: Statens vegvesen
Vert asfaltert: Bolstad aust - Vassenden. Kart: Statens vegvesen

Stoppar arbeidet medan det er fotballcup

Fredagar og i helgane er det mange som køyrer til og frå fotballcupar som Voss Cup (16-18/6) og Lerum Cup i Sogndal helga etter.

Statens vegvesen har bestemt at det ikkje skal vera arbeid desse dagane. Dette er for at trafikken skal gå så smidig og effektivt som mogleg på desse dagane, der det alt er kjent at det vert meir trafikk enn vanleg.

Vert asfaltert: Holemarktunnelen aust-Væletunnelen aust. Kart: Statens vegvesen
Vert asfaltert: Holemarktunnelen aust-Væletunnelen aust. Kart: Statens vegvesen

– Vi asfalterer for å hindra at vegen forfell

Det er alt ein del vegarbeid på E16 mellom Voss og Bergen.

– Statens vegvesen har forståing for at ytterlegare vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om at vi gjer det for dei. Vi asfalterer for å vedlikahalda vegen slik at han ikkje forfell, seier byggjeleiar Bjørn Trygve Andersen i Statens vegvesen.

Og kjem med fylgjande appell:

– Ta det med ro, køyr etter angitt hastigheit og følg trafikkdirigenten sine anvisningar. Og ikkje minst respekter trafikkreguleringa i anleggsområdet, slik at dette skjer på ein sikker måte. Legg inn litt ekstra tid før du skal ut på køyretur, appellerer han.

Vert asfaltert: Evanger-Knoltatunnelen aust. Kart: Statens vegvesen
Vert asfaltert: Evanger-Knoltatunnelen aust. Kart: Statens vegvesen

Slik held du deg oppdatert om det som skjer på vegen

For detaljar om trafikkdirigeringa og framkomsten oppmodar Statens vegsen trafikantane til å bruka ein av fleire moglegheiter for å få informasjon om trafikken i sanntid.

Både 175.no, vår nye app Vegvesen trafikk eller sms-varsel gjev informasjon om vegen akkurat der du skal, når du skal det.

– Det har aldri vore fleire moglegheiter til å få sanntidsinformasjon om trafikken enn i dag. Det er avgjerande for Vegvesenet å bidra til føreseieleg framkomst på denne måten. Som vegeigar er det viktig for oss for å tilby trafikantane god service og tilretteleggja medan vi gjer nødvendig vedlikehald for å hindra at vegen forfell, understrekar Andersen.

Aktuelt for fylke: Vestland