Statens vegvesen monterer gang- og sykkelvegbru på E134, nærare bestemt Mo i Etne.

På Mo i Etne skal Statens vegvesen montera ei gang- og sykkelvegbru langs E134.

Her blir det gang- og sykkelvegbru og betra tilhøve for mjuke trafikantar. Kart: Statens vegvesen
Her blir det gang- og sykkelvegbru og betra tilhøve for mjuke trafikantar. Kart: Statens vegvesen

Eit løft for mjuke trafikantar

Statens vegvesen jobbar for å betra tilhøva for gåande og syklistar, og jobbar for at det skal bli enklare for alle trafikantar å koma seg fram. 

– Verdien av ein veg ligg i bruken, og betra tilhøve for mjuke trafikanter bidrar til å auka verdien på vegane vi har. Statens vegvesen er opptekne av å vera ein god vegeigar for alle som brukar riks- og europavegnettet, og derfor er vi glade for å kunna betra tilbodet til mjuke trafikantar slik som her, seier byggeleiar Johannes Handeland i Statens vegvesen.

Det har ikkje vore gang- og sykkelvegbru på Mo før, og ho leggjast ved sida av eksisterande bilbru.

Brua er ein del av Statens vegvesen sitt prosjekt med å byggja 500 meter ny gang- og sykkelveg langs E134 i Etne. Brua er ein del av dette prosjektet. Når brua kjem på plass, står berre asfalteringa att. Den skal på plass snarast mogleg.

Slik påverkar arbeida trafikken

For å gjera ulempene for trafikantane minst mogleg vert arbeidet gjort på kvelden og utover natta, den tida på døgnet då det er minst trafikk.

– Mindre køyretøy kan nytta Fossavegen/Litledalsvegen og Stødlevegen/Strondavegen til omkøyring den tida vi er nøydde til å stengja vegen. Vogntog må venta dei tre tre timane på natta der dette er aktuelt. Vi oppmodar tungtrafikken til å planleggja si lovpålagde kviletid ut frå dette, legg han til.

Desse tidspunkta er viktige å merka seg for trafikantane (som også vert oppmoda til å oppdatera seg via 175.no eller Vegvesen trafikk-appen):

¤  Manuell dirigering (med stans inntil 15 minutt) frå 20. juni klokka 18.00 til 21. juni klokka 01.00.

¤ Stengt frå 21. juni klokka 01.00 til 04.00.

¤ Manuell dirigering (med stans inntil 15 minutt) frå 21. juni klokka 04.00 til 15.00 (viss det er behov)

Aktuelt for fylke: Vestland, Rogaland