Måndag 12. juni stenger Statens vegvesen vestre seglingsløp under Måløybrua.

Det vestre løpet under Måløybrua skal stengast igjen, no frå 12. juni til 31. august.

Dette skjer i samband med bygging av skipsbarriere, som er ein konstruksjon som skal hindre at skip køyrer på midtre brupilar.

Skipsbarrieren under bygging. Foto: Statens vegvesen
Skipsbarrieren under bygging. Foto: Statens vegvesen

Dette gjer at seglingsløpet må stengast

Tidlegare i år og i fjor har det vestre løpet vore stengt for fundamentering til same prosjektet.

– Det er tryggleiksomsyn som gjer at vi må stenga vestre løpet for all sjøtrafikk i anleggsperioden, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.

Farleia vert stengd med bøyer nord og sør for vestre seglingsløp. Merkinga av begge seglingsløp vert endra, og det skal vera vakthald døgnet rundt.

Mer info finn du på Kystverket si facebookside «Måløybrua – endring av seilingsmønster».

I samband med stenginga, må Statens vegvesen 12. juni., 22. juni og 31. august stenge gangfelta oppe på brua i kortare periodar.

Kva skal føregå no?

Sidan førre stengingsperiode har entreprenøren Veidekke lokalt prefabrikert armering og forskaling på land på Trollebø.

Dette skal så løftast ut på fundamentet, før konstruksjonen støypast ut og forankrast med pælar i fjell.

Kontaktperson: Pål-Anders Rindal, e-post pal.anders.rindal@vegvesen.no, telefon 41622049