Måndag 15. april startar Statens vegvesen eit større vedlikehaldsarbeid i E39 Byfjordtunnelen. Trafikken blir styrt med døgnkontinuerleg kolonnekøyring.

Bilete av ein lastebil som køyrer gjennom ein tunnel. Fleire bilar følgjer etter. Eitt felt i motsett køyreretning er stengd av på grunn av vegarbeid.
Slik såg det under tunnelarbeida i Mastrafjord for nokre veker sidan. No står Byfjordtunnelen for tur. Foto: Bjørn I Andersen, Statens vegvesen

– Det har vore mykje arbeid i Byfjord- og Mastrafjordtunnelen siste tida, og me har full forståing for at dette kan oppfattast som ekstra krevjande for trafikantane i Stavanger-området, seier byggjeleiar Tom Sverre Knutsen og prosjektleiar Bjørn I Andersen i Statens vegvesen.

– Då er det viktig å presisera at dette er heilt nødvendig vedlikehald som ikkje kan venta, og då er me nøydde til å gjera det no, for at me som ansvarleg vegeigar framleis skal kunna tilby trygge tunnelar. Det er heilt korrekt at arbeidet gir konsekvensar for trafikantane. Men konsekvensane kan bli større om me ikkje gjer det, legg dei til.

Og understrekar:

– Me gjer vårt ytste for å minimera ulempene for trafikantane, men ber om forståing for at det kan oppstå noko kø, spesielt på dei mest trafikkerte tidspunkta.

Slik blir arbeidet

Arbeidet startar i Byfjordtunnelen måndag 15. april klokka 00.00, og er planlagt å vera ferdig fredag 19. april klokka 05.30.

– Det blir kolonnekøyring døgnet rundt i heile denne perioden. Talet leiebilar vil vera høgast på dagtid når det er mest trafikk. Det vil seia at det ikkje vil bli fastsette tidspunkt for kolonnane.

Dette skal me gjera

– Arbeidet me heilt konkret skal gjera no, er asfaltutbetring, utskifting av kummer og reparasjon av drenering, legg Andersen til.

– Det er litt fleire arbeidsoperasjonar som gjer at me nok held på lenger enn i Mastrafjordtunnelen men same kva som dukkar opp skal me vera ferdig til fredag morgon kl 05.30. Skulle alt gå knirkefritt håpar me å kunna opna noko før denne gongen òg.

Han understrekar at det ikkje er mogleg å gjera dette nødvendige og omfattande arbeidd utan konsekvens for trafikantane.

– Ved ein ordinær måte å gjennomføra dette arbeidet på i Byfjordtunnelen måtte me hatt kolonnekøyring i fleire veker nattetid. Etter gode erfaringar med døgnkontinuerleg kolonnekøyring i Mastrafjord nyleg, fører me vidare denne løysinga no, for å minimera ulempene spesielt med tanke på dei fastbuande på øyane. Ved å jobba døgnet rundt vil me kunna jobba meir effektivt og den totale arbeidstida blir kraftig redusert.

Byfjord er lengre og har meir trafikk enn Mastrafjord.

– Erfaringane frå Mastrafjord tek me med oss, og gjer enkelte tilpassingar for å få trafikken til å flyta best mogleg.

– Køyr aktsamt, slik lova seier

Statens vegvesen minne om ansvaret kvar enkelt sjåfør har for å køyra aktsamt i samsvar med Vegtrafikklovas paragraf 3.

– Me har i all hovudsak gode erfaringar frå leiebilkøyringa i Mastrafjordtunnelen nyleg, men det var nokre tilfelle der sjåførar tok seg fridommar med å køyra forbi leiebilen. Me vil på det sterkaste be om at det ikkje skjer igjen. Dette er uforsvarleg køyring som kan setja både sjåfør, passasjerar og andre medtrafikantar i fare. Respekter leiebilane og innsatsen sjåførane gjer der for å sørgja for trafikktryggleik og trygg ferdsel for oss alle.

Kvifor tunnelvedlikehald?

– Dette går rett inn i kjernen av det som er drift og vedlikehald av riks- og europavegnettet. Eit strengt inspeksjonsregime sørgjer for at me har oversikt over tilstanden, og dermed kan me setja inn rett tiltak til rett tid. Drift er å halda vegen open i dag, vedlikehald er å sørgja for at me klarer det i morgon. Og det er desse arbeida døme på, avsluttar Andersen og Knutsen.

Kontaktpersonar: Bjørn I Andersen, telefon 91179611, e-post bjorn-andersen@vegvesen.no og Tom Sverre Knutsen, telefon 99419480, e-post tom.sverre.knutsen@vegvesen.no.

Aktuelt for fylke: Rogaland