Planlagd nedbrenning av eigedom i Åmli sentrum
Tysdag 25. mars frå kl. 15 vil Østre Agder brannvesen og Statens vegvesen gjennomføra ein fullskala nedbrenning av eigedommen Gata 2 i Åmli sentrum.
Bakgrunnen for dette er at det skal etablerast ein døgnkvileplass for sjåførar på tungtransport på denne plassen.
Det blir ei kontrollert nedbrenning av både bustadhuset og garasjen som står på eigedommen.
Det kan bli stopp i trafikken, og Statens vegvesen oppmodar folk i nærleiken til å halda vindauge lukka. Me oppmodar også bileigarar til ikkje parkera køyretøy i nærleiken pga. fare for nedfall.
Den planlagde nedbrenninga kan bli utsett viss det blir dårleg vêr.
Døgnkvileplassen er ein del av ei større satsing på trafikktryggleik og betre kvilemoglegheiter for yrkessjåførar. Her kan sjåførar ta pause, døgnkvil og redusert vekekvil. I Åmli pakkstasjon, som står like ved, skal det byggjast sanitæranlegg og dusjar.
På den nye døgnkvileplassen blir det fem oppstillingsplassar. Det blir lagt til rette for ellading, og det blir sett opp ei snørampe der sjåførar kan fjerne snø frå køyretøyet.
