Ver obs på parkering i påskefjellet
Mange vil ut på ski i påskefjellet i vest. Det kan gje trafikale utfordringar, spesielt etter ein mild vinter som den vi har hatt no.
Den milde vinteren kan ha gjort at mange ikkje har fått tatt dei skiturane dei ville. Som følgje av dette kan det verta ekstra stort press på utfartsstadane og parkeringsplassane i påska.

– Trafikantar må sjølve passa på at dei ikkje parkerer bilar langs veg på innsida av kvitstripa. Dette kan føra til trafikkfarlege situasjonar og problem for vinterdrift av vegen for entreprenøren, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen.
Bilar som står feilparkert kan risikera borttauing.
– Dette gjeld på alle Statens vegvesen sine fjellovergangar i vest: Rv. 13 Vikafjellet, rv. 7 Hardangervidda, E134 Haukeli, E16 Filefjell, rv. 52 Hemsedalsfjellet og rv. 15 Strynefjellet, presiserer Finden.
Statens vegvesen ynskjer alle ei god og trygg påske.