Måndag 26. mai frå klokka 17.00 blir det redusert framkomst på E39 mellom frå Matre til Haugsvær i Masfjorden.

– Statnett skal ha ein spesialtransport frå Matre til Haugsvær, noko som gjer at vi må tilrettelegga for transport, seier praktisk tunnelforvaltar Kjell Ove Landa i Statens vegvesen.

Det medfører at det manuell trafikkavvikling frå klokka 17.00 til 07.00 tysdag morgon.

Tilsvarande returtransport blir tysdag 3. juni.

Oppdraget er veravhengig.

Det blir spesialtransport frå Matre til Haugsvær måndag 26. mai og tysdag 3. juni. E39 Vestland, Nordhordland. Kart: Statens vegvesen
Det blir spesialtransport frå Matre til Haugsvær måndag 26. mai og tysdag 3. juni. Illustrasjon: Statens vegvesen