Brukonferansen samla over 200 bruekspertar
Teknologipresentasjonar, kåring av Årets brubygger og synfaring av Ramfjordbrua var nokon av høgdepunkta.
Brukonferansen har etter kvart etablert seg som Noregs viktigaste møteplass for fagmiljø innan brufaget. I år gjekk den populære konferansen av stabelen i Tromsø, og med sine 220 deltakarar var den heilt fullteikna.
Fagleg breidde og internasjonalt utsyn
Konferansen vart opna av Rune Pedersen, senioringeniør i Statens vegvesen, som ønskte velkomen til to dagar med fagleg påfyll og inspirasjon.
– Eg er svært nøgd med at så mange deltakarar kjem tilbake til Brukonferansen. Hjarteleg velkomne også til alle nye deltakarar frå inn- og utland. Takk til alle bidragsytarane som raust deler av erfaringane sine – de er med på å skape ein nyttig fagleg møteplass, sa Pedersen.
Internasjonale foredragshaldarar presenterte store prosjekt som Rader Hochbrücke (Tyskland), Storstrømsbroen (Danmark) og Kruunuvuori Bridge (Finland), med fokus på BIM, teknologi og prosjektgjennomføring.
BuildingPoint Scandinavia presenterte bruk av Rhino 3D og Grasshopper for parametrisk modellering og samspel med BIM-verktøy som Tekla Structures. Desse programma er aktuelle for alle bruingeniørar.
-
Bilde 1 av 9: Benjamin Furuly, fylkesvaraordførar i Troms fylkeskommune heldt eit engasjert innlegg om kor viktig vegar og bruer er, og drog historiske linjer til Frostatingslova, der det mellom anna gjekk fram at bønder kunne få bøter dersom dei ikkje møtte opp for å utføre veiarbeid. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 2 av 9: Sònke von Fintel fra Implenia holdt ein presentasjon om den nye Rader Hochbrücke som er eit teknisk og logistisk krevjande prosjekt, med store utfordringar knytt til fundamentering i dårleg grunn, bygging av pilarar frå vassida, og koordinering av tungt utstyr over den travle Kielkanalen. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 3 av 9: Barbara Boesen MacAulay fra det danske veidirektoratet fortalte om bygginga av den nye Storstrømsbrua og ulike utfordringar. Brua blir om lag 4 kilometer lang og vil dermed vere Danmarks tredje største bru etter Øresundsbrua og Storebæltsbrua. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 4 av 9: Atte Mikkonen presenterte prosjektet Kruunuvuori-brua i Helsingfors. Dei nyttar avansert BIM-teknologi for å styre geometrien i bygginga, integrere designfelta og sikre kvaliteten gjennom heile prosjektet – frå planlegging til ferdigstilling – med full modellbasert kontroll og visualisering. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 5 av 9: Jeffrey Park frå Sotra Link JV holdt eit engasjert innlegg om utfordringane i byggingen av den nye Sotra brua, mellom anna kulturforskjellar mellom internasjonale entreprenørar og norske aktørar og ulik arbeidskultur. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 6 av 9: Lise Batten fra Statens vegvesen hadde eit klart budskap: Betong er flytande stein og er fantastisk spennande å arbeide med. Alle de som sit her har ei viktig rolle og er med på å påverke korleis ting vil sjå ut om 50 år. For å lukkast med betong må ein forstå alle moglegheiter og avgrensingar, og eg oppmodar dykk alle til å kome dykk ut i felt og sjå i praksis korleis betongen de har planlagt faktisk blir i røynda! Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 7 av 9: Tor Martin Lystad (Norconsult AS) og Sigurd Gjesti Berge (Nordic office of Architecture) snakka om kor viktig arkitektur er i samband med bruprosjekter. Samspel mellom ingeniørkunst og arkitektur er avgjerande for å oppnå heilskaplege og framtidsretta løysingar. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 8 av 9: Bjørn Tangvald frå Statens vegvesen presenterte kommande bruprosjekt. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 9 av 9: Programkomiteen for årets Brukonferanse: Ivar Melby (Statens vegvesen), Henning Lotherington (Statens vegvesen), Daniel Tran (Statens vegvesen), Eirik Åkre (COWI), Grzegorz Guchwa (Skanska) og Rune Pedersen (Statens vegvesen). Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen
Norske prosjekt i fokus
Blant dei norske prosjekta som vart presentert var:
- Sotrabrua (rv. 555) – OPS-prosjekt for hengebruer, presentert av representantar frå Sotra Link JV.
- E6 Hommelvikbrua sørgående – presentert av Contur for Nye Veier AS.
- Hangarbrua i Trondheim – Noregs største bru i aluminium.
- Ytre Steinsund bru, Vestland fylkeskommune.
- Bybrua i Drammen – med fokus på rehabilitering og design.
Håvard Johansen kåra til Årets brubygger 2025
Årets brubygger er ein pris som Statens vegvesen deler ut årleg for å heidre ein enkeltperson som har gitt eit solid bidrag til utviklinga av brufaget. I 2024 fekk Helge Brå frå Norconsult tittelen. I år fekk Håvard Johansen frå Statens vegvesen den gjeve prisen.
Juryen grunnga valet sitt med at Johansen gjennom ei årrekkje har utmerkt seg som ein sentral fagperson innan brubygging i Noreg, og oppfyller fleire av kriteria for prisen Årets brubygger. Arbeidet hans har hatt stor tyding for utviklinga av bruteknisk regelverk, berekningsmetodikk, digitalisering og formidling av brufaget. Han har vore ein drivkraft i digitaliseringa av regelverket, og har gjennom si rolle i handbok N400 bidrege til praktisk tolking og bruk av regelverket for konsulentar, entreprenørar og byggherrar. I tillegg til den faglege tyngda si er Johansen kjend for si audmjukheit, evna til å sjå heilskapen og finne gode løysingar i komplekse saker. Han fremjar tverrfagleg samarbeid og bidreg til eit positivt fagmiljø.
Juryen bestod av
- Klara Då, Bane NOR
- Kjetil Rørvik, Sweco Norge AS
- Bettina Gerti Groß, Nordisk Fjellsikring AS
- Bjørn Tangvald, Statens vegvesen
Synfaring av Ramfjordbrua
Dag ein vart avslutta med synfaring av den nye Ramfjordbrua – ei 870 meter lang samvirkebru med fem hovedspenn, bygd av Metrostav Norge AS på oppdrag frå Statens vegvesen. Deltakarane fekk gå inn i den eine brukassa og sjå Ramfjordbrua frå innsida.
Ramfjordbrua er ein del av prosjektet E8 Sørbotn–Laukslett og representerer eit viktig steg i utviklinga av infrastrukturen rundt Tromsø. Brua er ei samvirkebru med overbygning i stål og armert betong, og strekkjer seg over heile 870 meter. Den har fem hovudspenn på 135 meter, i tillegg til sidespenn, og er fundamentert med fem pålefundament frå lektere, med pålar opp til 80 meter djupe. Overbygninga er delt inn i sju seksjonar, der det tyngste løftet var på heile 900 tonn. Brua vart ferdig montert i september 2025. Den nye vegen skal etter planen opne sommaren 2027.
-
Bilde 1 av 5: Deltakarane trassa det dårlege veret og blei med på synfaring av den nye Ramfjordbrua. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 2 av 5: Deltakarane måtte klatre opp ein bratt stige for å kome inn i den eine brukassa på Ramfjordbrua. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 3 av 5: Trangt om plassen inni brukassa. Foto: Linda Grønstad/Statens vegvesen -
Bilde 4 av 5: Daniel Bang var med på å prosjektere Ramfjordbrua då han jobba i COWI. Han syntest det var spennande å få sjå «sin vesle bit» av bruprosjektet utført i røynda. Foto: Rune Pedersen/Statens vegvesen -
Bilde 5 av 5: Slik ser Ramfjordbrua ut frå innsida av brukassa. Foto: LInda Grønstad/Statens vegvesen
Regelverk og framtidstenking
Dag to fokuserte på styrkeberekning, kontroll og godkjenning, med innlegg frå Vegdirektoratet og samarbeidspartnarar. Det vart også presentert nyheiter frå handbøker og FoU-arbeid, med diskusjonar om framtidas brudesign og materialval. Avslutningssesjonen tok for seg samspel mellom arkitektur og ingeniørkunst, der prosjekt som Innflygingsbrua ved Bodø lufthamn , Rv. 3 Tunna bru i rusttregt stål og Hangarbrua i resirkulert aluminium vart framheva som døme på framtidsretta design og materialbruk.
Arkitektur spelar ei viktig rolle i prosjekteringsfasen av bruprosjekt ved å sikre at konstruksjonen ikkje berre er funksjonell og trygg, men også estetisk tiltalande og godt tilpassa omgjevnadene. Arkitektonisk utforming bidreg til å styrke identiteten til området, fremje god landskapstilpassing og skape varige strukturar som både fagmiljø og samfunn kan vere stolte av. Samspel mellom ingeniørkunst og arkitektur er avgjerande for å oppnå heilskaplege og framtidsretta løysingar – og ikkje minst bidrar god arkitektur til at nokon bruer blir ikoniske landemerke.