– Skal du til Bergen i helga? Reis kollektivt
Fløyfjelltunnelen blir stengd mot sentrum heile helga. Statens vegvesen og Skyss ber alle reise kollektivt for å unngå trafikkaos i sentrum.
– Dette er ei helg der vi verkeleg ber folk om å la bilen stå. Med stengt sørgåande løp mot sentrum og store arrangement i byen, kan det bli køar som forplantar seg langt ut i vegnettet, seier seksjonssjef Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen.
Vegvesenet åtvarar mot at det vil bli køar heile helga.
Oppmodinga gjeld særleg reisande som skal frå Åsane og område nord for Bergen og inn mot sentrum. Dei som planlegg å køyre til Bergen sør blir oppmoda til å køyre via Arna og Grimesvingane.
Stenger fredag klokka 17.00
Det sørgåande løpet av Fløyfjelltunnelen stenger frå klokka 17:00 fredag 8. mai, og opnar opp att måndag 11. mai klokka 05:30. Arbeidet i tunnelen inneber sprenging, støyp og asfaltering, og er for omfattande til at det kan bli gjennomført som nattarbeid.
Fløyfjelltunnelen er gammal og krev store utbetringar for å framleis kunne vere sikker i åra framover. Arbeida med tunnelen har alt gitt periodar med nattestengingar, og trafikantane må vere førebudde på at dette vil halde fram gjennom heile 2026.
Buss og tog har god kapasitet
Laurdag er det invitert til store arrangement i Bergen sentrum, med gratiskonsert med Tobias Sten og storskjermvisning av cupfinale på Torgallmenningen. Det er derfor venta at mange vil reise inn til byen på laurdag.
Skyss oppmodar alle som har moglegheit, om å ta bussen i staden for å køyre bil. Ein bør berekne litt ekstra tid for å komme seg fram desse dagane.
Toget frå Arna til sentrum bruker sju minutt og går etter planen som normalt gjennom heile helga. Dette kan vere eit godt alternativ for å unngå kø.
Slik blir trafikken påverka
- Sørgåande løp i Fløyfjelltunnelen (mot Bergen sentrum) blir stengt i heile perioden.
- Nordgåande løp (frå sentrum mot Åsane) er ope, med berre korte, mellombelse stansar natt til laurdag i samband med sprengingsarbeid.
- All trafikk frå nord (Åsane og Sandviken) mot Bergen sentrum eller søndre bydelar bør nytte fv. 587 Hardangervegen (Grimesvingane). Dette er hovudomkøyringsruta og den klart beste løysinga.
- Omkøyring via Sandviken og Bryggen er frårådd og vil føre til store køar og lang ventetid.
- Det vil bli sett inn trafikkvakter i sentrale kryss i Bergen sentrum og langs Grimesvingane for å styre trafikken