Arbeid på rv. 13 mellom Sogndal og Hella
Statens vegvesen gjer nattarbeid på tre punkt på strekninga førstkomande veke.
Dei tre punkta er merkt med raud sirkel på kartet.
– Natt til måndag, tysdag og onsdag, med arbeidstid klokka 23.00-05.30, skal vi masseutskifta veggrunnen for å hindra setningar. Dette er forarbeid til legging av ny asfalt, seier byggjeleiar Heidi Strandos i Statens vegvesen.
På dei tre punkta vil vegen vera stengd medan jobben pågår.
– Vegen er smal, og det er ikkje mogleg å gjera jobben utan å stengja han, legg Strandos til.
Onsdag blir det asfaltering på dei tre punkta. Jobben tek om lag ein time, og då blir vegen stengd på same måte.
Følg med 175.no appen Vegvesen trafikk for å få tidspunkt for asfaltering.
Aktuelt for fylke(r):
Vestland