Godt i gang med skredsikring på Skredestranda
Statens vegvesen er godt i gang med skredsikring på E39 Skredestranda i Stad kommune i Nordfjord.
Arbeidet starta i fjor, er i rute til å vere ferdig til hausten 2027.
Dronefilm frå arbeidet ser du her.
– Vi har no opna omkøyringsveg, som skal sørge for god flyt i trafikken medan vi bygger bru, seier byggeleiar Pål-Anders Rindal i Statens vegvesen.
Skredsikringsprosjektet er sett i gang for å betre framkomsten på åtte skredutsette punkt langs 850 meter E39 i Stad kommune.
– På punktet der vi no bygger ei 12 meter lang bru, besto skredsikringa tidlegare av ei stikkrenne (eit rør) på med diameter 1,6 meter under vegen. No skal skred gå under brua i staden, legg Rindal til.
For å sikre god trafikkflyt medan brua blir bygd, er det bygd omkøyringsveg.
-
Bilde 1 av 7: Her bygger Statens vegvesen bru ved E39 Skredestranda. Her ser ein og omkøyringsvegen. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 2 av 7: Her bygger Statens vegvesen bru ved E39 Skredestranda. Her ser ein og omkøyringsvegen. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 3 av 7: Frå Skredestranda, området der Statens vegvesen bygger bru. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 4 av 7: Frå E39 Skredestranda, området der Statens vegvesen bygger bru. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 5 av 7: Frå E39 Skredestranda, området der Statens vegvesen bygger bru for skredsikring. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 6 av 7: Frå E39 Skredestranda, området der Statens vegvesen bygger bru. På dette biletet ser ein og den gamle stikkrenna (røret) under vegen. Foto: Statens vegvesen -
Bilde 7 av 7: Frå E39 Skredestranda i Nordfjord, der Statens vegvesen skredsikrar 850 meter E39. Foto: Statens vegvesen
Denne var opprinneleg tenkt med eitt felt og lysregulering.
– Men etter godt innspel fra entreprenør, Skei-firmaet Ottar Dvergsdal AS, vart det i staden omkøyringsveg med to felt, og langt mindre bruk av lysregulering, og betre flyt, avsluttar Rindal.