Statens vegvesen installerer nytt styringssystem på Måløybrua.

Det gjer at vi må koble frå straumen på brua i anslagsvis tre-fire timar torsdag 22. oktober. Det vil då bli trafikkdirigering.

Arbeida gjer og at systemet for stenging av brua på grunn av sterk vind, vil vere ute av drift måndag - torsdag 2. - 5. november. Også då vil det vere trafikkdirigering.

Rv. 15 Måløybrua.
Rv. 15 Måløybrua. Illustrasjon: Kart: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Vestland, Møre og Romsdal