Sju månader etter det store steinskredet som stengde E134 Fjæra i Etne, er skredsikringsarbeidet i området på det næraste avslutta.

To fanggjerde på totalt dryge 400 meter er no sette opp og ferdig monterte, og alt tilhøyrande sikringsarbeid er også på det næraste avslutta. Berre mindre betongarbeid og lapping av veg står att. 

To fanggjerde, bygde saman til eitt på dryge 400 meter, er no ferdig montert i E134 Fjæra i Etne i Vestland. Foto: Jens Øyen Tveit, Statens vegvesen
To fanggjerde, bygde saman til eitt på dryge 400 meter, er no ferdig montert i E134 Fjæra i Etne i Vestland. Foto: Jens Øyen Tveit, Statens vegvesen

Slik var hendinga og konsekvensane 

Det store skredet gjekk på føremiddag søndag 1. mars.

Det var store mengder steinar som hadde losna i dei bratte fjellsidene ovanfor Fjæra. Geologane fekk raskt oversikt over omfanget av skredet, men fleire forhold bidrog til at vegen var  stengd i nærare tre veker før det kunne opnast for kolonnekøyring 20. mars:

Det måtte borast for å sprenga eit parti stein som truga med å losna. Og det var store skadar på vegen og  tilhøyrande støttemur. 

Det har vore trafikkdirigering med ledebil heilt fram fram til siste slutt. Dette har vore nødvendig fordi ein vegbane har vore stengd store delar av tida. Til å begynna med var heile vegen stengd; då var omkøyring på kommunal veg, og via og via Rv 13. For modulvogntog blei omkøyringa via E18 Sørlandet, noko som ga betydelege konsekvensar for køyretida.  

– Vi har hatt hendingar der enkelte køyretøy har pressa seg fram utanom kolonne og vi har fått stoppa dei. Dette hadde vi ikkje klart så bra utan trafikkdirigering og ledebil, seier seksjonssjef Morten Hage i Statens vegvesen. 

Ei anna årsak til at det heile tida har vore trafikkdirigering, er monteringa av fanggjerda. I samband med dette måtte alt utstyr stå på vegen.  

Vi takkar trafikantane for tolmod i samband med arbeidet på denne strekninga som gjennomsnittleg vert trafikkert av 2.100 køretøy i døgnet. Av dette er 22 prosent, eller 462, lange køyretøy (tungtrafikk), legg Hage til.

To fanggjerde, bygde saman til eitt på dryge 400 meter, er no ferdig montert i E134 Fjæra i Etne i Vestland. Foto: Jens Øyen Tveit, Statens vegvesen
To fanggjerde, bygde saman til eitt på dryge 400 meter, er no ferdig montert i E134 Fjæra i Etne i Vestland. Foto: Jens Øyen Tveit, Statens vegvesen

Motstandsdyktigheit 

Den første delen av dei to fanggjerda vart  sendt til Etne berre få dager etter skredet. Dette skuldast at Statens vegvesen hadde etablert eit beredskapslager for fanggjerde. Beredskapsgjerdet var 60 meter langt, men det var likevel langt nok til å sikra den mest utsette delen av området 

Ein motstandsdyktig transportsektor handlar om evna til å førebyggja, handtera og raskt restituera seg etter alvorlege hendingar, som naturfare og ekstremvêr. Skredet ved E134 i Fjæra i Etne viser kor viktig dette arbeidet er i praksis. 

– Dette viser målet med beredskapslageret. Når me har kritisk utstyr tilgjengeleg, kan me raskt etablera sikring og trygga framkomsten på vegen. Dette viser kor effektivt det kan vera. Dette er totalberedskap i praksis, seier Hage. 

Dette illustrerer korleis førebuing, nasjonal kontroll over kritiske funksjonar og rask respons styrkjer transportsektoren si motstandsdyktigheit. 

Samtidig er det viktig å understreka at den fysiske jobben med skredsikring er eit arbeid som tek tid, både førebuingane og montering av fanggjerde. 

Lagarbeid både internt og eksternt har gitt godt resultat 

Statens vegvesen sine geologar har bidrege med uvurderleg kompetanse i det omfattende arbeidet med kartlegging av fjellet og massane, noko som har vore heilt avgjerande for å kunne gjera val som skal stå seg over tid. 

Det er Mesta som er Statens vegvesen sin entreprenør på vegdrifta i området. 

Fleire avdelingar i Mesta har jobba lange dagar i skift over lang tid for å trygga og sikra området. På det meste har det vore 25 personar i arbeid samtidig. 

Det er sveitsiske Geobrugg som har levert fanggjerda. NVE har også bidrege med radarovervaking av bergveggen i akuttfasen. Statens vegvesen sine kompetanse innan geoteknikk og geologi har også vore avgjerande. Driftskontrakten vår har koordinert det heile, seier Hage. 

– No er vi heldigvis straks i mål med etterarbeidet i Fjæra. Det er utført ein svært god jobb, der tryggleik for mannskapa har vore godt vareteken og utført utan alvorlege hendingar. Dette arbeidet står også som eit godt døme på kva godt samarbeid betyr for sluttresultatet. Dyktige fagfolk internt i Statens vegvesen og hos entreprenøren vår, Mesta, har løyst eit krevjande oppdrag på ein svært god måte. Så blir det bra for Fjæra-samfunnet og trafikken gjennom skredstaden og straks få tilbake ein normal kvardag etter dramaet for 7 månader sidan, avsluttar Hage som opplyser at Vegvesenet sin del av jobben har kosta 65 millionar.

Aktuelt for fylke: Vestland, Rogaland