Om du har vikeplikt når du syklar, avheng av kvar du syklar.

Vikeplikt vil seie at du skal vike eller stanse til trafikk som kryssar køyreretninga di, har passert. Er du usikker på om du har vikeplikt, er det sikraste å bremse eller stanse heilt.

Sykling i køyrebanen eller i sykkelfeltet

Syklar du i køyrebanen eller i sykkelfeltet, skal du følgje vikepliktsreglane for køyrande. Det vil seie at du har vikeplikt

  • for køyrande som kjem frå høgre (høgreregelen)
  • for alle køyrande på ein forkøyrsregulert veg du skal inn på (skilta vikeplikt)
  • for motgående køyretøy på den høgre sida av deg når du skal svinge til venstre
  • for gående i gangfelt

Dersom det er skilta vikeplikt der du syklar, gjeld skiltet framfor regelen om vikeplikt frå høgre. Då gjeld vikeplikta i første kryss etter skiltet.

Er du i tvil om bilføraren har sett deg og kjem til å stoppe? Senk farten og ver førebudd.

Sykling på sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau

Når du syklar på sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau, skal du følgje vikepliktsreglane for køyrande. Det vil seie at du har vikeplikt for all trafikk dersom du skal krysse vegen eller skal svinge inn på ein annan veg.

Andre vikepliktsreglar når du syklar på sykkelveg, gang- og sykkelveg eller fortau

Du har ikkje vikeplikt for dei som kjem køyrande til eller frå ei inn- eller utkøyrsle.

Dersom du går av sykkelen og trillar han over gangfeltet, har bilane vikeplikt for deg. 

Andre vikepliktsreglar

Trafikklys

Når du møter eit trafikklys i kryss, må du følgje trafikklyssignalet som gjeld for det feltet du er i. Er trafikklyssignalet ute av drift (gult blink eller ikkje lyssignal), gjeld eventuelt vikepliktskilt eller høgreregelen.

Skifte køyrefelt

Du har vikeplikt for køyrande som er i feltet du vil køyre inn i eller må krysse. Du har også vikeplikt når du skal inn på vegen frå vegkanten eller vegskuldra.

Sykling i rundkøyring

Dersom du syklar inn i ei rundkøyring, har du vikeplikt for trafikken som er i rundkøyringa. Dersom du skal skifte felt inne i rundkøyringa, har du vikeplikt for køyretøy som ligg i feltet du vil inn i.

Forbikøyring eller passering

Forbikøyring skal som hovudregel gå føre seg til venstre. Som syklist kan du køyre forbi eit anna køyretøy – men ikkje ein annan syklist – på høgre side. Forbikøyring på høgre side kan vere aktuelt forbi stilleståande eller saktekøyrande kø.

Venstresving i kryss

Når du skal svinge til venstre i eit kryss, kan du velje mellom stor og liten venstresving.

  • Liten venstresving betyr at du svingar til venstre i krysset på same måte som andre køyretøy.
  • Stor venstresving betyr at du syklar rett fram til du har kome til den andre sida av krysset, sjekkar om det er klart, før du så svingar til venstre inn på den kryssande vegen.
Illustrasjon som viser forskjellen på stor eller liten venstresving.
Stor eller liten venstresving. Foto: Statens vegvesen
Sist oppdatert: