Når du køyrer i rundkøyringar, skal du tilpasse farten, bruke blinklys og plassere deg slik at dei andre bilistane forstår kvar du skal køyre ut.

Dei same reglane gjeld i rundkøyringar som i vanlege vegkryss.

Som elles i trafikken skal du ferdast omsynsfullt og varsamt. Då bidrar du til at trafikken er trygg for alle, og unngår å hindre eller forstyrre andre.

Du skal alltid følgje skilt og oppmerkingar. Det gjeld også når dei viser noko anna enn det vi skriv på denne sida.

Plasseringa di gir nyttig informasjon til andre trafikantar

Hold låg fart, og plasser deg riktig inn mot rundkøyringa. Då er det lettare for andre trafikantar å oppfatte kva du har tenkt å gjere, og kva veg du skal.

Rundkøyring med flere køyrefelt.
Rundkøyring der inn- og utkøyringsvegen har to køyrefelt i kvar retning. Illustrasjon: Statens vegvesen

Hald til høgre når du skal køyre til høgre

Skal du til høgre ut av rundkøyringa, legg du deg til høgre eller i høgre køyrefelt inn mot rundkøyringa.

Legg deg der det passar best, når du skal rett fram

Skal du rett fram, legg du deg slik det er mest føremålstenleg. Når det er fleire køyrefelt, er det vanlegvis i høgre felt.

Hald til venstre når du skal køyre ut til venstre

Skal du til venstre ut av rundkøyringa, legg du deg til venstre eller i venstre køyrefelt når du køyrer inn mot rundkøyringa .

Du har vikeplikt for trafikantar som er i rundkøyringa

Du har vikeplikt for trafikantar som er i rundkøyringa, og du må vise tydeleg at du vil vike. Det gjer du ved å sette ned farten i god tid og eventuelt stanse før vikelinja.

Du har også vikeplikt dersom du skal skifte køyrefelt inne i rundkøyringa. Bruk blinklyset før du skiftar køyrefelt.

Rundkøyring med eitt køyrefelt.
Rundkøyring der inn- og utkøyringsvegen har eitt køyrefelt i kvar retning. Illustrasjon: Statens vegvesen

Slik bruker du blinklys i ei rundkøyring

Du skal blinke i god tid før du svingar eller byter felt i ei rundkøyring.

Skal du ut av første utkøyring 

Blink til høgre i god tid før du køyrer inn i rundkøyringa. Hald blinklyset på til du har køyrt ut.

Skal du ut av utkøyring nummer to eller seinare

Begynn å blinke til høgre når du er på høgde med den siste utkøyringa før du køyrer ut.

Skal du ut til venstre

Du kan hjelpe andre trafikantar ved å blinke til venstre før du køyrer inn i rundkøyringa. Begynn å blinke til høgre når du er på høgde med den siste utkøyringa før du køyrer ut.

Illustrasjon av liten rundkjøring.
Spesielt når du skal til venstre i mindre rundkøyringer med god oversyn, kan du hjelpe andre trafikantar ved å blinke til venstre før rundkøyringa. Illustrasjon: Statens vegvesen
Sist oppdatert: