Barn bør vere like godt sikra i buss som dei er i bil, og bruke bilbelte der dette er montert.

Gjeldande regelverk 

I forskrift om bruk av bilbelte § 1 første ledd skal «bilbelte og annet utstyr til sikring av personer (…) brukes der det er montert».

For barn i buss, med unntak av buss gruppe M3 klasse 1 («bybuss»), blir det i § 1 fjerde ledd b uttalt at «Barn yngre enn 3 år skal i buss bruke godkjent sikringsutstyr som er tilpasset barnet eller slikt utstyr i kombinasjon med ordinært bilbelte. Når slikt utstyr ikke er tilgjengelig, skal ordinært bilbelte brukes på egnet måte. Barn som er 3 år eller eldre, skal bruke ordinært bilbelte på egnet måte.»

Barn under 3 år

For barn under 3 år skal det vere minst to godkjente sitteplassar eller minst to sitteplassar der det kan festast sikringsutstyr for barn under 3 år, dette følger av køyretøyforskrifta § 8-2 a. Kravet gjeld berre for bussar som blei registrerte før 15. september 2012.

For bussar som er registrerte etter 15. september 2012 er det ikkje eit teknisk krav til sikringsutstyr for barn under 3 år.

«Bybuss» køyretøygruppe M3 klasse 1, er fritatt frå desse reglane.

Regelverksendring

Det går no føre seg eit regelverksarbeid for å få innført det tekniske kravet til sikringsutstyr for barn under 3 år, også for bussar som er registrerte etter 15. september 2012.

Barn over 3 år

Barn over 3 år skal bruke ordinært bilbelte på eigna måte.

På små barn kan eit ordinært bilbelte nokre gongar kome litt høgt opp på halsen til barnet. I buss som transporterer barn lågare enn 135 cm er det derfor tilrådeleg at det i tillegg til bilbelte blir brukt ei beltepute. Belteputa vil gjere at barnet sit høgare og at sikkerheitsbeltet får rett plassering på barnet sin kropp.

Reaksjon ved unnlaten bruk av sikring

Den som har fylt 15 år og som unnlèt å nytte setebelte får pålegg om å betale gebyr.

Ved manglande bruk av sikring på personar under 15 år er førar av motorvogna ansvarleg. Unnlaten sikring av passasjerar under 15 år blir registrert med to prikkar.