Målet med bypakken er å gje folk ein påliteleg og effektiv transportkvardag, der det er lagt godt til rette for å sykle, gå og reise kollektivt i Kristiansund.

Fem tiltak

Bypakken inneheld fem tiltak på riksveg som skal leggje til rette for betre framkome, fem tiltak på fylkeskommunalt vegnett som skal leggje betre til rette for kollektivreisande, og elleve tiltak på kommunalt vegnett med utbetringstiltak for mjuke trafikantar.

Stortingsvedtaket er i tråd med vedtak frå lokale styresmakter. Finansieringa er basert på bompengar, statlege midlar til nokre mindre investeringstiltak og fylkeskommunale midlar, samt meirverdiavgifta som staten refunderer til Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune for prosjekt og tiltak i bypakka.

Det kjem to bomstasjonar på rv. 70 i Kristiansund, og det er lagt til grunn ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år med oppstart av innkrevjinga i løpet av 2026.

Førebur oppstart

Statens vegvesen starter nå detaljerte førebuingar til oppstart av dei to første delprosjekta på riksveg 70 som ligg i bypakken.

Det første delprosjektet (Trollsvingen/Røsslyngveien og kollektivfelt Goma-Atlanten) har planlagt oppstart i 2026, mens det største delprosjektet Vikansvingen-Kontrollplassen har planlagt oppstart i 2027.

Det er totalt rundt 30 bustader som står att å bli innløyste,  og det vil bli gjeve informasjon om kjøpsprosessen til bustadeigarane i eiget møte i midten av juni.