E134 Espelandssvingane
E134 Espelandssvingane består av utbetring av E134 HP1 i Vindafjord kommune, i ei lengd på ca. 1,3 km. Prosjektert veg er i dimensjoneringsklasse U-H2.
Vi reknar med å vere ferdige med arbeida vinteren 2022.
Prosjektet består av utbetring av E134 HP1 i Vindafjord kommune, i ei lengd på ca. 1,3 km (frå ca. km 10,340 til 11,675).
E134 er stamveg (aust-vest) mellom Haugesund og Drammen og har ein ÅDT2017 på 4750 køyretøy per døgn. Tunge køyretøy utgjer ca. 15 % av desse. Fartsgrensa på strekningen er i dag 60 km/t. Prosjektert veg tilfredsstiller dimensjoneringsklasse U-H2.
På delar av strekningen vil gang- og sykkelvegen ligge på dagens (eksisterande E134) og ny køyreveg vil ligge i ubygd terreng.
Vågselva (fiskeelv) må i fleire område flyttast, og dette er arbeid som krev særleg aktsemd i forhold til elva og dyrelivet der.
Fleire avkøyrsler vil bli lagt om, og samla så langt dette lar seg gjere. Vidare blir det lagt inn to sett med busslommer.
Prosjektet består av fire konstruksjonar.
-
Bilde 1 av 5: Elv. Foto: Haldis Kristiansen, Statens vegvesen -
Bilde 2 av 5: Kulvert med tersklar. Foto: Haldis Kristiansen, Statens vegvesen -
Bilde 3 av 5: Kulvert. Foto: Haldis Kristiansen, Statens vegvesen -
Bilde 4 av 5: Utstøyping av bru. Foto: Haldis Kristiansen, Statens vegvesen -
Bilde 5 av 5: Oversikt over prosjektet E134 Espelandssvingane. Foto: Statens vegvesen
- Veg:
- E134
- Fase:
- Byggefase
- Kommunar:
- Vindafjord
- Fylke:
- Rogaland
- Lengde:
- 1300 meter
- Finansiering:
- Stat, Bompengar
- Nasjonal transportplan:
- Omtalt i NTP 2018-2029
- Totalkostnad:
- 117 mill. kr
- Oppstart:
- Vinteren 2020
- Antatt opna:
- Vinteren 2022
Prosjektkontor
- Besøksadresse:
Medvind-bygget v/Statens vegvesen, E134, Ølensvåg