Statens vegvesen opna E134 Espelandssvingane ein månad før tida, og ser ut til å halda budsjettet.

Prosjektet er ein del av Haugalandspakken. Første spadestikk var 11. desember 2020, og hovudentreprenør har vore Karmøy-firmaet Vassbakk & Stol AS.

Planlagd opning var 1. november i år. Men alt 22. september kunne strekninga overrekkast til Statens vegvesen som byggherre. I dag var det offisiell opning ved divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo.

– Og ikkje berre opnar vi før tida. Vi ser òg ut til å halda oss innanfor budsjett. Eit godt samarbeid med hovudentreprenør har vore ein nøkkel for å få dette til. Utbetringsprosjektet har ei total styringsramme på 124 millionar, seier prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen.

E134 Espelandssvingane.
E134 Espelandssvingane. Foto: Statens vegvesen

Dette har vi gjort

Vi har laga betre kurvatur på vegen, harmonisert vegbreidda, sprengt ut og planert sideterreng slik at trafikantane får betre sikt. Vi har laga rumlefelt, betre og tydelegare avkøyringsfelt og betre busslommer. Vi har og tilrettelagt betre for mjuke trafikantar ved å etablera samanhengande gang- og sykkelveg langs heile den 1,3 kilometer lange strekninga. 

Alt dette er med på å gjera at hovudvegen E134 vest – aust mellom Haugesund og Drammen fyller samfunnsoppdraget sitt på ein betre måte enn før. Espelandssvingane har vore ein flaskehals, og det har vi no gjort noko med. Dermed har prosjektet betydning langt utanfor nærområdet.

E134 Espelandssvingane.
E134 Espelandssvingane. Foto: Statens vegvesen

– Bilistane har opplevd ein del lysregulering i samband gjennomkøyringa av anlegget, og det har vore ein del utfordringar med dette i anleggsfasen. Vi har forståing for at slikt vegarbeid kan vera krevjande for trafikantane, men då er det viktig å minna om vi gjer det nettopp for dei, for at vi skal kunna gi ein trygg og framkomeleg veg med høg oppetid også i framtida.

Espelandssvingane vert gjennomsnittleg trafikkert at 4 864 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT). Det er mykje næringsverksemd i området. Lange køyretøy utgjer 17 prosent – eller 827 køyretøy – av trafikken. 

Vi tek omsyn til natur- og dyreliv

Omsyn til natur, miljø og klima er viktig i alle Statens vegvesen sine prosjekt.

Vegstrekninga går langs Vågselva. Det har vore restriksjonar med tanke på når vi har kunna arbeida i elva, mellom anna for ikkje å forstyrra laksens gyteperiodar.

Det har vore ein klar føresetnad i prosjektet at vi skal minimalisera inngrepa i Vågselva. No når anleggsarbeida er ferdig, skal miljøkvaliteten i elva skal vera like god som, eller betre enn, før.

Vi har og laga betre skilje mellom elva og vegen enn det vore tidlegare.

Divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo klippar snora, og vegstrekninga E134 Espelandssvingane er offisielt opna.
Divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo klippar snora, og vegstrekninga E134 Espelandssvingane er offisielt opna. Foto: Statens vegvesen

Prosessen frå plan til ferdig veg

Reguleringsarbeidet starta tidleg hausten 2016. Kommunen vedtok planen 20.juni 2017. Det var ein særs rask reguleringsprosess, med tett kontakt med kommune og Fylkesmann/Statsforvalter i planfasen. I perioden mellom planvedtak og utlysning gjekk det tre år i vente på statleg finansiering.

Hauglandspakken har bidratt med 15 mill (2021 kr) bompengar i dette prosjektet. Styringsramma for prosjektet er 124 mill. kr (2022 kr) og det er til no fakturert 100,6 mill. kr. Vi ligg an til å treffa på kostnad.

Byggeplanen var ferdig ferdig utarbeidd juli 2020. Prosjektet vart kunngjort 7. september 2020, og 11.desember 2020 var det byggestart.

Bjørn Laksforsmo ga ein blome til første bilist på strekninga E134 Espelandssvingane.
Bjørn Laksforsmo ga ein blome til første bilist på strekninga E134 Espelandssvingane. Foto: Statens vegvesen

– Og no har vi altså opna vegstrekninga, seks dagar etter at overtaking skjedde, 22. september 2022. Over ein månad før planlagt åpningdato, som var 1. november. Det er all grunn til å skryta av entreprenø Vassbakk & Stol AS for godt samarbeid, og vi er veldig nøgde med jobben dei har gjort, avsluttar prosjektleiar Arild Kalleland Vallestad i Statens vegvesen.

Kontaktperson: Arild Kalleland Vallestad, e-post , telefon 48270550

Aktuelt for fylke: Rogaland