1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Foto: Steinar Kvittingen Fresvik

Kvar?

Fylke:
Vestland, Telemark

Kommunar:

Vinje, Ullensvang

Kva?

Byggetrinn 1 omfattar ny E134 mellom Røldal og Seljestad, med ny Røldalstunnel på ca. 12,4 km og tilhøyrande kryss og veg i dagen.

Kvifor?

Ny veg vil auke trafikktryggleiken, betre framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal. Prosjektet vil korte ned køyrelengda med ca. 6,4 kilometer og redusere høgdemeter med rundt 1000 meter. For tunge køyretøy vil køyretida bli redusert med om lag 18 minutt.

Kart

Bildet viser eit kart med streker som symboliserer den nye traseen.
Ny E134 mellom Røldal og Seljestad består av kryss og veg i dagen på Liamyrane og Hesjabakk, i tillegg til ny tunnel på 12,4 km. Illustrasjon: Statens vegvesen

2013: Melding om oppstart reguleringsplan

Reguleringsplanen for E134 Vågsli-Seljestad er delt opp i fire delar.
Følgende reguleringsplan er gjeldande for dette byggetrinnet:

2021: E134 Røldal-Seljestad ligg inne i første periode i NTP 2022-2033

Det blei sommaren 2024 gjennomført ein førebuande entreprise av Brødrene Flatebø AS.

Ei mindre bru på Seljestad blei rive, og ei 15,5 meter lang spennarmert betongbru blei bygga for å gje tilgang til ny parkeringsplass for friluftsområdet på Seljestad/Hesjabakk.

Prosjektet blei lyst ut som ei totalentreprise som omfatta prosjektering og bygging av eitløps-tunnel med tilknyting mellom Seljestad og Røldal. Kontrakten har ein verdi på 2,5 milliardar ekskl. mva og omfattar  

  • 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
  • 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
  • Ny tunnel mellom Liamyrene og Seljestad på om lag 12,4 km.
  • Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.

Prosjektet ligg mellom Røldal og Seljestad i Ullensvang kommune i Vestland fylke. Kontrakten har ein verdi på 2,8 milliardar kroner ekskl. mva.

19. mai 2025 tok Samferdselsministeren Jon-Ivar Nygård første spadetak for ny Røldalstunnel.

29. september blei ein merkedag for E134 Røldal-Seljestad. No har drivinga av den 12,4 km lange eitløps-tunnelen starta.

Fredag 22. november blei det permanent omlegging av trafikken til det som i framtida skal bli Riksveg 13. 

Når påhogget er klart startar entreprenøren også driving frå austsida ved Vetlehovden på Liamyrane, slik at tunnelarbeidet skjer frå begge ender. Oppstart av driving av tunnel frå Liamyrane blir truleg i november.

Tunnelen skal ha fem sirkulære snunisjer jevnt plassert gjennom tunnelen. Nisjene fungerer som eit sikkerheitstiltak for å sikre at større kjøyretøy skal kunne snu inne i tunnelen ved eventuelle hendingar der det er nødvendig med evakuering.

Snunisjene er dimensjonerte for alle køyretøy som normalt kan køyre i tunnelen. Dei vil ha ei spennvidde på 31 meter. 

Det spås at første snunisje vil stå klar i løpet av siste halvår i 2026.

 

2027: Omlegging av trafikk på Seljestad

2028: Gjennomslag Røldalstunnelen

2030: Åpning av ny E134 Røldal-Seljestad

Sjå alle aktueltsaker
Oppstart:
Våren 2025
Antatt opna:
Desember 2030

Meir om prosjektet

Parsellen E134 Røldal–Seljestad gir ei innkorting av køyrelengda på 6,4 km og redusert reisetid på om lag 18 minutt for tyngre køyretøy og om lag 12 minutt for personbiler.

Den nye Røldalstunnelen under Røldalsfjellet utgjer størstedelen av parsellen. Ny Røldalstunnel blir ca. 12,4 km, og skal erstatte dagens Røldalstunnel og Seljestadtunnelen og dei tunge stigningane i Håradalen.

Vest for den nye tunnelen omfattar parsellen ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad. Tunnelpåhogget er lokalisert til fjellet ved Hesjabakkmyrane. Aust for den nye tunnelen omfattar parsellen ny E134 i dagen og nytt kryss på Liamyrane i Røldal. Tunnelpåhogget er lokalisert ved Vetlehovden.

Den nye tunnelen får trafikken bort frå eldre og tronge tunnelar, og lange parti med bratt og svingete vegtrase der særleg tungtrafikken har store problem på vinterstid. Med den nye Røldalstunnelen reknar vi med at alle framkomstvanskar pga.vintertilhøve vert borte. 

Se visualisering av E134 Røldal–Seljestad, byggetrinn 1

E134 Røldal–Seljestad. Video: Multiconsult/Statens vegvesen.

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Statens vegvesen
Røldal prosjektkontor ved Best stasjon på Røldal
Haukelivegen
Ullensvang

Kontaktar

Frode Lykkebø

Prosjektleiar
Telefon:
915 95 865
E-post:

Gaute Sekse

Byggeleiar
Telefon:
E-post:

Rolf Helge Hjelmtvedt

Planleggingsleiar
Telefon:
976 57 794
E-post:

Jan Erik Græe

Teknisk byggeleiar
Telefon:
E-post:

Arvid Eikeland

Kontrollingeniør tunnel
Telefon:
E-post:

Bjørn Martin Orvid

Kontrollingeniør tunnel
Telefon:
E-post:

Erlend Nondal Olsen

Kontrollingeniør tunnel
Telefon:
E-post:

Karoline Rage

Kommunikasjonsrådgjevar
Telefon:
47644964
E-post: