1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Byggefase
  1. Utgreiing
  2. Val av alternativ
  3. Reguleringsplan
  4. Bygging blir førebudd
  5. Byggefase
  6. Opna
Bildet viser vegen E134 på Seljestad.
Foto: Karoline Rage

Kvar?

Fylke:
Telemark, Vestland
Kommunar:
Vinje, Ullensvang

Kva?

Prosjektet omfattar ny E134 mellom Vågsli i Telemark og Seljestad i Vestland. Strekninga er delt opp i tre byggetrinn, med ny Røldalstunnel som første byggetrinn.

Kvifor?

Ny veg vil auke trafikktryggleiken, betre framkomst ved dårlege vêrforhold og flytte trafikk ut frå tettstaden Røldal. Prosjektet vil korte ned køyrelengda med ca. 11 kilometer og redusere høgdemeter med rundt 1500 meter. For tunge køyretøy vil køyretida bli redusert med om lag ein halv time.

Kart

Bildet viser eit oversiktskart der ein ser linjer for plassering av den nye strekninga.
Kartet viser kvar den nye E134 mellom Vågsli og Seljestad skal gå. Foto: Statens vegvesen

2018: Reguleringsplan for E134 Vågsli–fylkesgrensa ute på høyring

  • Batteridrevne hjullastere imponerer i tunnel
    — Batteridrevne hjullastere gjør jobben like effektivt som dieselmaskiner. De har få barnesykdommer og gir bedre arbeidsmiljø.
    E134 Røldal-Seljestad (Byggetrinn 1)
  • Nabomøte for E134 Røldal-Seljestad
    — Statens vegvesen og Metrostav Norge haldt digitalt nabomøte tirsdag 29. september. Me inviterar også til open kontordag 12. oktober kl: 17:00.
    E134 Røldal-Seljestad (Byggetrinn 1)
  • Statens vegvesen ryddar opp etter Noregs største anleggskonkurs
    — Noregs største konkurs i anleggsbransjen har skapt ein krevjande situasjon for Statens vegvesen. Tiltak er no på plass for å dempa verknadene av konkursen.
    E134 Røldal-Seljestad (Byggetrinn 1)
Sjå alle aktueltsaker
Lengde:
ca. 43 km
Finansiering:
Stat, Bompengar

Meir om prosjektet

Prosjektet er inndelt i tre byggetrinn, der byggetrinn 1 mellom Røldal og Seljestad fekk finansiering 11. april 2024. Byggetrinn 2 og 3 er har godkjente reguleringsplanar, men manglar finansiering.

Bygging av ny Røldalstunnel frå Røldal til Seljestad er i gang. Første spadetak blei tatt 19. mai.

Statens vegvesen har laga forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing for strekninga E134 Vågsli – Seljestad. Reguleringsplanen byggjer på den godkjende kommunedelplanen frå 2008.

Strekninga som reguleringsplanen omfattar er på knapt 46 km; om lag 11 km i Vinje kommune i Telemark og Vestfold  fylke og om lag 35 km i Odda kommune i Vestland fylke. Reguleringsplanen er delt inn i 4 planområder:

  • Vågsli–Fylkesgrensa (Vinje kommune)
  • Fylkesgrensa–Dyrskartunnelen (Ullensvang kommune)
  • Dyrskartunnelen–Røldalstunnelen (Ullensvang kommune)
  • Røldalstunnelen–Seljestad (Ullensvang kommune)

Planområda inneheld både tunnel, veg i dagen og betongkonstuksjonar. Totalt er det fire tunnelar med samla lengde inkl. portalar på 30 km. Begge dei to lengste tunnelane er om lag 12 km lange.

Prosjektkontor

Besøksadresse:

Statens vegvesen
Røldal prosjektkontor ved Best stasjon på Røldal
Haukelivegen
Ullensvang

Kontaktar

Frode Lykkebø

Prosjektleiar
E-post:

Rolf Helge Hjelmtvedt

Planleggingsleiar
E-post:

Gaute Sekse

Byggeleiar
Telefon:
E-post:

Jan Erik Græe

Teknisk byggeleiar tunnel
E-post:

Karoline Rage

Kommunikasjonsrådgjevar
E-post: