9. oktober fekk to av tunnelane på E134 ved Røldal nye namn. Dagens Røldalstunnel blei til Håratunnelen, medan Hordatunnelen fekk namnet Hårajuvtunnelen.

Namneendringane blei vedtatt av tidlegare Odda kommune i 2013, og namna knyter tunnelane tettare til stadane dei ligg då Håratunnelen førar trafikantane mot bygda Håra, medan Hårajuvtunnelen ligg i Hårajuvet.  

Seljestadtunnelen beheld namnet sitt, og den nye tunnelen mellom Røldal og Seljestad, som no er under bygging, skal få namnet Røldalstunnelen. Avgjersla om namnet på den nye Røldalstunnelen blei tatt av Statens vegvesen og tidlegare Odda kommune ved godkjenninga av reguleringsplanane i 2019.  

Endeleg avgjersle frå Statens vegvesen angåande namneendringane blei tatt 11. September 2026, og namneendringane er basert på vedtaka frå kommunen.  

– Når den nye tunnelen skal heite Røldalstunnelen, må dagens Røldalstunnel få eit nytt namn. Det er viktig å få skilta om dei gamle tunnelane no, slik at ein unngår misforståingar ved hendingar og ulykker, forklarar prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen. 

Namneendringane har kravd koordinering med Kartverket, Vegtrafikksentralen og entreprenøren som satte opp dei nye skilta. Namneendringa fant stad den 9. oktober, og blei same dag endra i kartverket sine system. 

Om prosjektet: 

E134 Røldal-Seljestad er ei totalentreprise, og omfattar prosjektering og bygging av ein 12,4 km lang eitløps-tunnel mellom Seljestad og Røldal med dagsoner og kryss i kvar ende. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi ein tryggare veg med kortare køyretid.