Nabomøte for E134 Røldal-Seljestad
Velkommen til digitalt nabomøte og open kontordag!
Statens vegvesen og Metrostav Norge inviterer til digitalt nabomøte tysdag 29. september frå klokka 18.00 til 19.00. Møtet vil gå føre seg på teams, og vil gi ei oppsummering av arbeida som er gjort i prosjektet til no, i tillegg til ein gjennomgang av kommande arbeid på anlegget for det neste året.
I tillegg vil det bli arrangert open kontordag 12. Oktober frå klokka 17. Dei som vil diskutera spesielle saker knytte til eigen eigedom eller eigne interesser kan melde i frå på førehand slik at prosjektet kan førebu seg og sørge for tilpassa informasjon. Send ein e-post til lene.lutro.lee@vegvesen.no og merk han med "open kontordag" om dette gjeld deg.
Det digitale nabomøtet vil ha eit overordna og generelt fokus for arbeida i prosjektet, medan open kontordag vil leggje til rette for spørsmål som er knytt til kvar enkelt eigedom.
Alle er velkomne til å vera med på både digitalt nabomøte og open kontordag.
Digitalt nabomøte:
- Tid: 29. september kl: 18:00-19:00
- Lenkja til digitalt nabomøte (Teams)
Åpen kontordag:
- Tid: 12. okotber kl: 17:00-18:00
- Stad: Liamyrane, vis á vis Røldal døgnkvileplass på Haukelivegen.
Google pin: https://maps.app.goo.gl/1zYTnuKd4HeNhevY8
Du kan lesa meir informasjon om E134 Røldal-Seljestad på prosjektsidene.