Frå 21. desember og frem til 4. januar vil det ikkje vere tunneldrift på anlegget.

Frå 21. desember blir det ein ca. to vekers stopp i tunneldrifta på Liamyrane og på Hesjabakk. Mellom 21. og 23. desember vil det vere nokre mindre arbeid på området. Desse vil og starte opp igjen etter 1. januar for å forberede oppstart med tunneldrift på nyåret.

Vi ser fram til oppstart av arbeidet på nyåret igjen! Foto: Karoline Rage

4. desember starta tunneldrivinga på Liamyrane

For ei lita veke sida blei første salve på austsida av den nye Røldalstunnelen skote. Tunneldrivinga er då i full gang frå både aust- og vestsida av den 12,4 km lange tunnelen.

Mildt vêr i slutten av november og i byrjinga av desember har letta på arbeidet med tunnelpåhugget. Utover vinteren vil ein sjå at utsprengte tunnelmassar blir lagt ut i den nye veglinjen austover på Liamyrane.

Vi i Statens vegvesen ønsker alle ein god jul!

Bildet viser tunnelarbeidarar foran hullet der første salve har gått av.
Nokre av tunnelarbeidarane i Metrostav Norge AS Foto: Jan Erik Græe
Aktuelt for fylke: Vestland