Noregs største konkurs i anleggsbransjen har skapt ein krevjande situasjon for Statens vegvesen. Tiltak er no på plass for å dempa verknadene av konkursen.

Bilde av tre menn i vegvesen- og mestrostavvernetøy som går innover i tunnelen.
Bilete frå det som skal bli den nye Røldalstunnelen i den vestlege enden av tunnelen på Seljestad. Foto: Karoline Rage

Då entreprenøren Bertelsen & Garpestad AS gjekk konkurs i mars 2026, skapte det ein utfordrande situasjon for fleire av prosjekta hos Statens vegvesen. Sidan har Statens vegvesen arbeidd for å avgrensa konsekvensane av konkursen og finna ei løysing som sikrar ferdigstilling av prosjekta som blei råka.

– Den første oppgåva har vore å få oversikt over kva konkursen betyr for dei råka anlegga, og å setja inn tiltak som held aktiviteten i gang. For E134 Røldal–Seljestad og E8 Sørbotn–Laukslett har målet vore å sikra trygg og effektiv drift medan me arbeider fram varige løysingar. Det bidreg til å avgrensa forseinkingar og redusera konsekvensane for trafikantane, seier avdelingsdirektør for kontrakt og marknad i Utbygging, John Atle Haugland.

Kompleks situasjon

Sjølv om Metrostav Norge som solidaransvarleg part var plikta til å fullføra kontraktane, endra konkursen føresetnadene for arbeidet og førte til meirkostnader selskapet ikkje ville hatt dersom arbeidsfellesskapet hadde halde fram. Avtalen inneber difor at Metrostav Norge AS overtek som einaste kontraktspart for Statens vegvesen på E134 Røldal-Seljestad, og får dekt delar av desse meirkostnadene innanfor ramma av gjeldande kontrakts- og innkjøpsregelverk.

– Etter den innleiande kartlegginga har me vurdert kva løysing som best tek vare på samfunnet sine interesser. Alternativa er vurderte opp mot juridisk handlingsrom, samla kostnader, framdrift og verdiane som allereie er bygde opp i prosjekta. Vår vurdering er at den valde løysinga gir lågast samla kostnad for skattebetalarane og det beste grunnlaget for å fullføra arbeida på både E134 og E8, forklarer Haugland.

Sikrar framdrift på E134 Røldal-Seljestad

No som avtalen er landa, kan prosjektet leggja konkursen bak seg og fokusera på vidare arbeid på E134 Røldal-Seljestad. Prosjektet har stor samfunnsøkonomisk betydning for sambandet mellom aust og vest, og det har vore viktig å unngå langvarig stans i arbeida.

Prosjektet er ei totalentreprise og omfattar prosjektering og bygging av ein eittløpstunnel mellom Seljestad og Røldal, med dagsoner og kryss i kvar ende. E134 er eit av hovudsambanda mellom aust og vest, og den nye tunnelen vil gi tryggare veg og kortare køyretid. Kontrakten omfattar bygging av:

  • 1,7 km ny veg i dagen på Liamyrane ved Røldal.
  • 1,2 km ny veg i dagen på Seljestad, samt gang- og sykkelveg på ca. 0,7 km
  • Ny tunnel mellom Liamyrane og Seljestad på om lag 12,4 km.
  • Diverse konstruksjonar i tilknyting til veganlegget.

Kontakt:

  • John Atle Haugland, avdelingsdirektør for kontrakt og marknad i Utbygging i Statens vegvesen
  • E-post:
  • Tlf: +47 915 22 215