Statens vegvesen og NCC Norge AS signerte 8. januar kontrakt på nær 1,5 mrd for bygging av E136 Breivika-Lerstad.

Divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen (t.h.) og leiar Per Jonsson for NCC sine infrastrukturprosjekt i Norge signerte avtalen.
Divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen (t.h.) og leiar Per Jonsson for NCC sine infrastrukturprosjekt i Norge signerte avtalen i Ålesund mandag. (Foto: Øyvind Gangstad, Ålesund kommune)

– Dette er eit særs viktig prosjekt for både Statens vegvesen og Bypakke Ålesund. Vi er glade for å få NCC med oss på laget, og den nye vegen vil sikre ei effektiv og framtidsretta trafikkavvikling inn mot Ålesund sentrum, seier utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen.

Davik signerte måndag kontrakta på 1,48 milliarder kroner eks. mva. saman med NCC sin leiar for infrastruktur i Norge, Per Jonsson.

Snart oppstart

Den nye vegen har ei total lengde på 3,9 km, inkludert tre bruer og den 2,6 km lange Lerstadtunnelen som fører trafikken frå Breivika i aust og inn mot Ålesund sentrum. Forskjeringane til den nye tunnelen står alt klare, slik at oppstart på tunneldrivinga kan starte om ikkje så lenge.

– Prosjektet passar særleg godt med NCC sin kompetanse innan veg- og tunnelbygging, og saman med Statens vegvesen har vi kome fram til ein plan som legg til rette for eit godt samarbeid. Vi er glade for tilliten vi har fått og ser fram til å starte arbeidet med dette viktige prosjektet, seier Per Jonsson i NCC Norge.

Feira med kake

Signeringa vart feira med kake på vegvesenet sitt prosjektkontor i Olsvika, og prosjektleiar Ole Kristian Birkeland var svært glad for at kontrakten no er signert, slik at arbeidet snart kan byrje.

– Vi går no inn i ein spanande fase av prosjektet. Tunnelarbeidet vil påverke dei nærmaste naboane, men trafikken inn og ut av byen vil bli lite hindra av anleggsarbeidet det første året. Eg ser fram til den nye tunnelen blir ferdig, for den vil avlaste heile bydelen Lerstad, og fjerne trafikk som i dag går over Åse. Langs den gamle Lerstadvegen skal vi også bygge ny gang- og sykkelveg, som vil bli til stor glede for mange, seier prosjektleiar Birkeland i Statens vegvesen.

Ut over i januar og februar vil entreprenøren rigge seg til med utstyr og brakker, fram til dei blir klare til å starte opp tunneldrifta.

Største prosjektet i bypakken

Lerstadtunnelen får to kjørefelt i kvar retning, og det blir rømningsveger mellom dei to løpa for kvar 250 meter. Tunnelen blir den første toløpstunnelen i Møre og Romsdal fylke, og den vil avlaste dagens Lerstadveg og E136 gjennom bydelene Moa og Åse. Det blir nytt toplanskryss i vest. Den nye vegen skal også fremje miljøvenleg transport ved å frigjere vegkapasitet til buss. Prosjektet skal gje betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik.

Tunnelen som no bli påbegynt skal stå ferdig til bruk hausten 2027.