Strekninga er i dag smal, utan gul stripe og her er dårleg sikt. På bakgrunn av dette vil ein no breiddeutvide vegen slik at strekninga oppfyller krava til forsterka midt- og kantoppmerking.

Strekninga mellom Skromle bru og rasteplassen i Åsbrekkegjelet er smal og utan gul stripe, med svake vegskuldrar og mange utforkøyringar. Risikoen for møteulukker er også stor då det er smalt mellom rekkverka.

Forsterka midtoppmerking (FMO) har vist seg som eit særs effektivt og rimeleg tiltak mot møte- og utforkøyringsulukker.

På bakgrunn av dette vil ein no breiddeutvide vegen slik at strekninga oppfyller krava til forsterka midt- og kantoppmerking. Tiltaket medfører utviding av dagens veg over ca. 3 km.

Størstedelen av planen består av nødvendig langsgåande utviding på oversida av dagens E16, kurveutbetring og omlegging av avkøyrsler der det er naudsynt. Det skal også vurderast skredsikring av to kjente skredpunkt, Rinden sør og nord og Bjørkeli sør og nord, som tidvis er utsett for sørpeskred.

Då dagens E16 ligg langs Strandaelvi, som er del av det verna Vossovassdraget, er ei av hovudutfordringane til prosjektet nærføringa til naturvernområde. Den høge skjeringa Kvarmakløvet er også ei av utfordringar med tiltaket. Planarbeidet skal ha særskilt fokus på tilhøvet til verna vassdrag, flaum og skred, i tillegg til trafikktryggleik.

Vurdering av KU-plikt

Statens vegvesen har i samråd med Voss kommune vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing innan fagtema kulturarv. Parallelt med E16 innan planområdet ligg Kongevegen som gjekk mellom Bergen og Christiania. Kongevegen er i dette området ikkje registrert i detalj, og ein har såleis ikkje fullstendig oversikt over kor den er bevart og kor intakt den er i heile området.

Veg:
E16
Fase:
Planfase
Kommunar:
Voss
Fylker:
Vestland
Lengde:
3100 meter
Finansiering:
Stat
Nasjonal transportplan:
Handlingsprogrammet 2018–2023
Totalkostnad:
100 millioner
Oppstart:
Oktober 2022
Antatt opna:
Mai 2024

E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Kontaktar

Terje Dagestad

Prosjektleiar
Telefon:
46 83 63 15
E-post:

Irene Dale

Planleggingsleiar
Telefon:
91 88 70 96
E-post:

Sist oppdatert:

Gå vidare