Her kan du lesa meir om reguleringsendringane i Samnanger kommune for området Gullbotn.

Regulering i Samnanger kommune gjeld tidlegare kontrollplass på Gullbotn.  Området vert regulert til midlertidig bygge- og anleggsområde som kan brukast til tiltak som er nødvendig for å gjennomføre Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.  Føresegnene definerer kva tiltak som er tillate innafor formålet. Det er mellom anna tillate bruk til riggområde, midlertidig deponering av massar, lagerplass for bygningsmateriell, maskiner og brakker. Det skal ikkje knusast masser innafor området, og det skal heller ikkje deponerast massar permanent.

Innafor området skal det i anleggsperioden sikrast areal og tilkomst til minimum 10 parkeringsplassar knytt til fritidseigedomar og turområde.

I samråd med Vestland fylkeskommune og Samnanger kommune vert plassen permanent regulert til offentleg trafikkareal. I dag ligg denne inne som LNF-område i kommuneplan for Samnanger.

Kart som viser reguleringsendring i Samnanger kommune, Gullbotn.
Oversikt over reguleringsendring i Samnanger kommune, Gullbotn. Illustrasjon: Cowi

Endring av reguleringsplan